Dekkskifte-tid: Hans Jørgen Baldersheim og Mariann Djupvik stod på i sommarvarmen tysdag kveld. – Få med at det er folket med Fusa-anar som held ut lengst i dag, skjemta dei to.

Kunstgraset forseinka, men sommarplanane er nær i boks

Gamlebanen på Nore Neset idrettsplass skulle fått nytt dekke i løpet av denne veka. No er leveringa utsett med ei veke.

– Det er sjølvsagt beklageleg, men på same tid så er det ikkje krise. Skuleferien står for dør og fleire av laga har alt teke ferie, så dette finn me ei ordning på, seier dagleg leiar i Nore Neset IL, Eirik Andrè Hesthamar.

Dekkskifte-tid: Det gamle kunstgraset vert rulla bort. Nytt underlag er først klart til 1. juli.

Høgst miljøvenleg anlegg

Dei siste vekene har kring 60 foreldre bidrege på dugnad for opprusting av anlegget. I tillegg til fornying av underlaget på gamlebanen, har idrettslaget fått laga ein halv meter høg ringmur rundt heile anlegget og sett inn sluser med kostar og rister for å unngå å spreia dei miljøfarlege gummikulene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Går i gang med 400 meter lang mur rundt banen: - Glad for at vi kan gjera dette tiltaket no

– Innsatsen har vore upåklageleg. Det har gått veldig fint heile vegen. No får me litt ekstra tid til å kosta gummikuler og gjera reint i og rundt banen, før det nye underlaget truleg kjem på torsdag i neste veke, seier Hestamar.

– Kva som er årsaka til forseinkinga?

– Det er leverandøren av kunstgrasdekke Sportsurface som er forseinka med ein bane i Fredrikstad. Dermed får det følgjer for oss som ventar på levering og montering, fortel Hesthamar.

Full aktivitet

Dersom alt går som dei ønskjer, er det nye underlaget på plass og klar til å brukast frå og med onsdag 1. juli.

– Det gler me oss til. Ettersom det blir ein spesiell sommar, dette, har me søkt om litt midlar til å ha mange arrangement utover i skuleferien. Me har kalla prosjektet for «Aktiv sommar», og blant aktivitetane me ønskjer å ha, er mellom anna løkkefotball og løkkehandball-turneringar med vaksen styring og tilrettelegging, seier Hesthamar.

– Men de har nokre arrangement alt før den tid også?

– Ja, me skal ha den tradisjonelle fotball- og handballskulen no i neste veke. Der er det litt færre plassar enn vanleg grunna smittevern-reglane, men det er framleis mogleg å melda seg på, informerer Hesthamar.