Leif Berge langar ut eit godt kast for lag 1. under tysdagsgjengens petenque-kamp på Hauge på tysdag.
Leif Berge langar ut eit godt kast for lag 1. under tysdagsgjengens petenque-kamp på Hauge på tysdag.

Kulespel mellom slaga

I 2015 laga dei fotballgolf. No har Bjørnefjorden GK også fått petenque-bane.

– På sikt ønskjer me at området her skal bli ein aktivitetspark for heile familien. Golfen skal framleis stå i sentrum, men at me får fleire aktivitetstilbod inn her, vil vera eit pluss for klubben, seier styreleiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Erik Just Olsen.

Tysdag hadde han med seg kompisane frå Os bade- og petenqueklubb for å vera med og opna den nye banen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veteranane frå stordomstida til Os Turn fotball tok det som ei ære at dei fekk opna petenque-banen like ved utslagsbanen for golfarane.

– Me tek gladeleg eit slag her i samband med opninga, men at det blir ein kranglefri runde, vågar me ikkje garantera for, seier Robert Træen.

– Nei, me er ikkje så veldig for slik lasar-måling og slikt. Det er mykje kjekkare å stå å krangla og argumentera for kva kule som er nærast grisen (den vesle kula).

Os bade- og petenqueklubb fekk æra av å opna den nye petenque-banen på Hjelle. Dei tidlegare fotballspelarane frå Os Turn likte godt den nye banen.
Os bade- og petenqueklubb fekk æra av å opna den nye petenque-banen på Hjelle. Dei tidlegare fotballspelarane frå Os Turn likte godt den nye banen.
Hans Ingrebrigtsen gjekk for Adiddas grussko på tysdag.
Hans Ingrebrigtsen gjekk for Adiddas grussko på tysdag.
Den nye banen på Hauge har internasjonale mål og kan såleis «husa» offisielle konkurransar.
Den nye banen på Hauge har internasjonale mål og kan såleis «husa» offisielle konkurransar.

Eigen Petenque-avis

Petenque er ein stor sport nedover på kontinentet, men sjølv i Noreg er det fleire klubbar som satsar hardt på å få fram gode utøvarar. Just Olsen håpar nokon i Os vil satsa.

– Tysdagsgjengen vår driv jo berre for moro, men eg hadde håpa at andre ville bli inspirert til å byrja å spela aktivt. Om banen vår på Hauge kan bli møtestad for nokon som vil starta ein skikkeleg petenque-klubb, så ville ingenting vore betre enn det, seier Just Olsen.

– Å, er ikkje me ein skikkeleg klubb. Me har jo til og med eiga avis og greier, humrar Leif Berge.

– Ja, det er sant det, kvitterer Hans Kristiansen.

– Jaudå, eg lagar ny utgåve av Petenqueposten kvar veke. Han kjem på epost til alle våre ni «abonnentar» etter at me har bada og spelt petenque kvar tysdag, forklarar Robert Træen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I klubben er dei ni mann. Desse er: Erik Just Olsen, Leif Berge, Hans Kristian Borgen, Hans Ingebrigtsen, Per Fosse, Robert Træen, Jan Hjelle, Osvald Nordvik og Nordvald Kuven.

Internasjonale mål

Om folk skulle få lyst til å satsa hardt på sporten er i alle høve føresetnadene på Hauge dei beste.

– Den nye banen er bygd etter internasjonale mål og har topp sand å kasta i, så her er det fritt fram for dei som vil satsa, seier Justen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no