Kom tilbake med ti mann
Det såg mørkt ut for Os då Adrian Valle fekk direkte raudt kort, og Gneist skåra 2-0 på det følgjande frisparket etter 36 minutt. Men så slo Os kraftig tilbake.
Os opna best og pressa motstandarane, men det var Gneist som skåra først. Bortelaget kom på ei kontring, og ballen hamna til slutt i målet bak Os-keeper Frode Øvredal. 2-0 kom på frispark etter at Valle hadde fått raudt kort. Berre minuttet seinare viste Os seg fram. Eit flott angrep der Anders Havsgård fann Erik Kanestrøm framfor mål gjorte at det var spenning i kampen i dei siste 45 minutta.
Rett etter pause skåra Kanestrøm sitt andre mål for dagen etter innlegg frå Knut Haga. Fleire mål kom det ikkje i kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi var det beste laget i dag. Sjølv med ti mann var det vi som førte kampen. Gneist la seg bakpå og satsa på kontringer heile kampen, seier Stian Kvåle i Os-teamet.