Kom sterkt tilbake på halvmila
Sverre Lunde Pedersen starta V-cup-helga i Stavanger med ein smålåten niandeplass. I dag viste han seg frå ei langt betre side då han gjekk inn til fjerdeplass på 5.000 m.
Framfor ei rekkje vener og kjente på tribunen starta Sverre noko smålåtent i Sørmarka Arena fredag. 23-åringen fekk liksom ikkje heilt opp dampen på fredagens 1.500 m. Med tida 1,46,98 enda han til slutt som nummer ni.
- Det var ikkje heilt klaff. Eg fann ikkje flyten frå start. Då vert det anstrengende å halda oppe farten, og eg drog på meg syre tidlegare enn eg burde, forklarte Sverre til pressen etter løpet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men på dagens halvmil var Sverre tilbake slik me kjenner han.
Den gode plasseringa kjem ikkje overraskande på trenar Sondre Skarli.
- Me har valt å ha mest fokus på 5.000 m på trening. Dette fordi me trur at det er denne distansen Sverre vil ha best medaljesjanser på under VM i enkeltdistansar om to veker, sa Skarli til pressen laurdag.
Osingen gjekk i mål på tida 6,20,35. Med det var han kring to sekund bak canadiske Ted-Jan Bloemen som tidlegare gjekk inn til 6,18,05.
Men med Jorrit Bergsma og Sven Kramer i siste par visste Sverre at det dessverre ikkje kom til å halda til pallplassering. Dei to halvmilspesialistane fullførte 5.000-meteren i kjent stil og plasserte seg på dei to første plassane. Sven Kramer noterte seg for 6,15,71, medan Jorrit Bergsmas tid vart 6,17,59.
- Eg meiner dette var eit heilstøpt løp av Sverre. Han gjekk langt betre teknisk enn han gjorde under 1.500-meteren på fredag, sa NRK-kommentator Even Wetten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt skuffa
Trenar Sondre Skarli var litt skuffa etter løpet.
- Me hadde eit sterkt ønske om at Sverre skulle vera på pallen i dag. Han gav alt, men klarte ikkje ta Bloemen og det var litt skuffande, sa Skarli.
Sverre sjølv sa dette til NRK.
- Eg var ikkje sterk nok til å nå pallen i dag. Det var langt betre enn på fredag, men eg ville helst hatt eit palleløp her framfor dette publikumet. Elles trur eg at eg kan løfta meg litt fram mot VM i enkeltdistansar i Russland om halvanna veke. Eg trur framleis eg har bra sjansar til å ta medalje på lagtempo og/eller 5.000 m der.