Kom sterkt tilbake på halvmila
Etter ein litt svak 500 m kom Sverre Lunde Pedersen sterkt tilbake på 5.000 m i allround-VM i Berlin. I morgon kjempar han for VM-sølv
Osingen fekk det ikkje heilt til å klaffa på 500 meter i Sportsforum i Berlin laurdag føremiddag. I parløpet tapte han for Jan Blokhuijsen, og med tida 36,79 vart han også slått av Sven Kramer.
På favorittdistansen 5.000 m litt seinare på dagen slo 23-åringen kraftig tilbake. Med sterke 6,16,89 vart han berre slått av førehandsfavoritt Kramer, og ligg no på tredjeplass før morgondagens distanser.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegen for medalje ligg dermed heilt open for osingen, og med litt hell og gode løp, kan han til og med kjempa om sølvet. Andremann i samandraget, Jan Blokhhuijsen, har nemleg berre sju tideler til gode på Sverre.
- Gullet blir vanskeleg, men sølvet skal eg angripa. Eg må vera skjerpa og gå to gode løp, då er absolutt alt mogleg, sa Sverre til pressen etter laurdagens distanser.