Om det var det hadde med den sterke varmen er for tidleg å seia, men muskulære problem tvang Erik Tysse til å bryta 20 km i Beijing etter nær halvgått løp.
Om det var det hadde med den sterke varmen er for tidleg å seia, men muskulære problem tvang Erik Tysse til å bryta 20 km i Beijing etter nær halvgått løp.

Kom aldri i mål

Erik Tysse nådde aldri mål under 20 km i VM i Beijing. Ein krampetendens plaga osingen alt tidleg i løpet. Etter nær halvgått distanse måtte han kasta inn handkledet.

Det er første gong i karrieren at Erik Tysse har måtta brytabein VM-distanse grunna muskulære problem. Skaden som til slutt stoppa 34-åringen byrja å plaga han alt 3 kilometer ut i distansen. Då kjente han det strekte i muskelfestet øvst i venstre lår. Etter vel seks kilometer i den steikande varme i VM-løypen, byrja problemet å gje han skikkelege smerter.

- Mellom sju og ni kilometer vart det heilt gale. Då måtte eg berre bryta, sa ein bitter og lei Erik Tysse til NTB etter løpet natt til i dag norsk tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært skuffa

Erik Tysse føler han har hatt nok utur i store meisterskap.

- No er eg frustert og har det tungt. Det følest så meiningslaust når eg tenkjer på alle dei treningstimane eg har lagt ned, så skjer dette. Men det ville seg altså ikkje. Uansett kva eg prøvde å gjera, så var det ingenting som hjelpte. Smertene forplanta seg til teknikken, og eg gjekk dårlegare og dårlegare. Det var berre å gje seg, sa Tysse til pressen.

Då osingen gav seg, var han over minuttet bak teten. Sigeren gjekk til slutt til spanjolen Miguel Angel Lopez. Han gjekk i mål på tida 1.19,14, og sette med det også ny personleg rekord på distansen.