Kolskogen matchvinnar mot Brann 2
Med ein fulltreffar i det 60. minutt sytte Ole Martin Kolskogen for at Os vann 1-0 borte mot Brann 2.
Os stilte med eit rutinert mannskap borte mot Brann 2. Med solide karar som Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes, Hassan El Fakiri og Erik Kanestrøm hadde osingane eit fysisk sterkt lag mot dei unge Brann-talenta frå Idrettsveien i Bergen. Men nokre unge karar utgjorde untaket. Blant anna Ole Martin Kolskogen.
16-åringen har tidlegare i år vore føretrekt som midtstoppar. I oppgjeret mot Brann 2 starta ungguten på sentralmidtbanen i lag med spelande trenar Hassan El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
I det 60. minutt skåra Ole Martin det som vart kampens einaste mål.
– Kall det gjerne eit Zlatan-mål. Ollis var i alle høve akrobatisk og fekk ekspidert eit hjørnespark på finurleg vis i mål, seier assistenttrenar i Os, Ørjan Håland.
Om kampen seier han dette:
– Det var eit jamt oppgjer der det ikkje vart all verda med sjansar. Me gjekk for innsats og vilje kontra for mykje vekt på finspel. Det er slike komprimiss ein gjerne må gjera mot slutten av sesongen, seier Håland.
På tryggare grunn
Med sigeren over Brann 2 har osingane no 28 poeng. Dermed er dei fem poeng framfor Haugesund 2, som no har passert Stord og ligg like under nedrykksstreken.
Laurdag tek Os imot Herd heime på Kuventræ. Etter det står det att tre kampar før sesongen er omme.