Målskårarar for Os i kampen mot Sandviken. F.v. Torgeir Linde, Eric Skorpen, Anders Havsgård 2, Vegard Hjelle og Anders Skaar.
Målskårarar for Os i kampen mot Sandviken. F.v. Torgeir Linde, Eric Skorpen, Anders Havsgård 2, Vegard Hjelle og Anders Skaar.

Knuste Sandviken

Os 1 i juniorklassen tok seg enkelt vidare frå 32-dels-finalen mot Sandviken.

- Me skåra tidleg og drap kampen, fortel assistent-trenar Kristian Bødtker på telefon frå Oslo.

Heile 6-0 blei stillinga til slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

No ventar 16-dels-finale mot Høybråten og Stovner IL 1 i morgon (torsdag) klokka 12.

Os 2 vann si gruppe og gjekk direkte til 16-dels-finalen, som vert spelt samstundes med førstelagets kamp i morgon.

I guteklassen møter Os 1 Sauda IL G16 i 32-dels-finalen i kveld. Dei skal vera godt budde, for trenar John Ole Johannessen var ute og speida på motstandarane i dag tidleg.

Andrelaget rauk ut tidlegare i dag etter 2-1-tap mot Surnadal i 64-dels-finalen. Os 3 er også ute av Norway Cup. Dei tapte 4-2 mot Notodden i 64-dels-finalen i B-klassen i dag tidleg.

Jentelaget er vidare til B-sluttspelet og møter Skjold IL i 16-dels-finalen i kveld (onsdag).

Begge gutelaga til Nore Neset gjekk vidare til sluttspelet, men diverre klarte ingen av dei å koma seg vidare frå 64-dels-finalen. Nore Neset 1 tapte 1-0 for Sandar, medan Nore Neset 2 tapte 1-0 mot Sunndal 2.