Det var god stemning i Eikelandsfjordens garderobe etter sigeren i går. No ligg dei godt an før siste og avgjerande runde av årets sesong.
Det var god stemning i Eikelandsfjordens garderobe etter sigeren i går. No ligg dei godt an før siste og avgjerande runde av årets sesong.

Klatra til kvalikplass

Eikelandsfjorden knuste Hordabø/Radøy/Manger 2 laurdag og klatra til andreplass før siste runde i 6. divisjon.

- Me var klart best i førsteomgang, og leia 4-0 til pause. Hordabø plar vera gode på heimebane, men i går hadde dei vel knapt ein sjanse før kvilen, seier Eikelandsfjorden-kaptein, Arnt Ove Lundervik.

Andreomgang blei litt jamnare, men sigeren var aldri trua.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Stian Håvik skåra 5-0, før dei reduserte to gonger. Vidar Vestbø skåra kampes siste, seier Lundervik.

Øvrige målskårarar laurdag: Daniel Håvik 2, Daniel Tonning og Robin Hjertnes.

Avsluttar mot botnlaget

Toppoppgjeret mellom Trane og Øystese 2 enda med 5-1-siger til sistnemde. Rosendal, som også låg framfor Eikelandsfjorden før denne runden, vann berre 1-0 mot botnlaget Fotlandsvåg. Dette gjer at Øystese toppar med 39 poeng. Eikelandsfjorden ligg på andreplass med 37 poeng. Rosendal har like mange poeng som fusingane, men etter sist runde er det Eikelandsfjorden som har best målforskjell av dei to. Trane ligg på 4. plass med 36 poeng.

Kommande laurdag går siste runde av stabelen. Eikelandsfjorden spelar heime mot botnlaget Fotlandsvåg.