Klart for offisiell opning
Søftelendingane har hatt gleda av plassen sidan skulestart. No laurdag er det endeleg klart for offisiell opning.
Den flotte allaktivitetsplassen ved Søfteland skule har vore flittig brukt i heile haust. Både skuleelevar og medlemene av Søfteland TIL har verkeleg vist å setja pris på Friplassen. Laurdag er det tid for å feira det nye anlegget.
- Grunnen til at me har venta med den offisielle opninga er at me ønskte at heile anlegget skulle vera heilt ferdig. No er det meste på plass. Då er det tid for markering, seier Erling Andersen i STIL.
Artikkelen held fram under annonsen.
President-opning
STIL-nestoren har så absolutt vore delaktig i arbeidet med å få anlegget til krinsen, men når det kjem til opnings-programmet laurdag, viser han til Christine Tømmernes Klakegg.
- Høyr med Christine. Ho skal vera konferransier og har full snøring, sier Andersen.
Som sagt, så gjort.
- Hei, Christine! Blir det bra opplegg laurdag?
- Ja, det blir det. Me gler oss veldig. Interessa for friidrett har foke i vêret etter at me fekk Friplassen. På laurdag feirar me med kvit dame, talar og fullt aktivitetsprogram, seier Klakegg.
Til den offisielle opninga får dei hjelp frå øvste hald i friidretts-Noreg.
- President i Norges Friidrettsforbund, Tore Hordnes, har sagt ja til å koma å opna banen, og halda ein liten tale. Det blir stas, seier Klakegg.
Andre som kjem for å seia noko for dagen er ordførar Terje Søviknes og leiar i Søfteland TIL, Kato Norland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spreke lærarar
Men det vert sjølvsagt meir enn kaker, kaffi og talar. Dagen vert også full av aktivitetar for born og unge.
- Me har hatt to stemne i haust - eit seriestemne og eit klubbstemne. På det første hadde me 39 deltakarar. På det andre hadde me 55. Tendensen er klar. Fleire og fleire stiller, seier Erling Andersen.
Christine Tømmernes Klakegg ser den same tendensen.
- Etter planen skulle me berre ha ein stafett no på laurdag, men ettersom så mange vil vera med, har me no sett av tid til to, fortel ho.
Stafetten vert på 4 x 140 m (banens lengde), og i den første stiller lærarar, styremedlem i STIL og to mixlag frå friidretten.
I den andre stafetten tek lærarane nye rundar, medan tre andre mixlag får prøva seg.
- Borna som stiller på mixlaga er i alderen 9-13 år. Me synest lærarane er sporty som stiller i to stafettar for å tevla med flest mogleg av elevane sine, seier Klakegg.
Motivasjon og kappgang
I tillegg til stafettane vert det 60 m-løp for alle som vil prøva seg. Dessutan vert det som seg hør og bør på Søfteland - kappgang.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har nokre juniorlandslags-utøvarar som er på treningsleir på Søfteland til helga. Dei stiller på 1.000 m kappgang. I tillegg håpar me at Erik Tysse stiller. Han har vore litt skada i det siste, men etter det eg veit er han restituert igjen, seier Klakegg.
I forkant av kappgangen får dei som vil høve til å høyra Kjersti Tysse Plätzar fortelja om trening, kosthald og motivasjon.
- Me har med andre ord fullt program. Me håpar så mange som mogleg fin vegen, avsluttar konferransieren for dagen.