Unge og eldre vert nok ein gong inviterte til å gå Ulvenmarsjen. Som seg hør og bør er det turstart både laurdag og søndag. (Arkivfoto)
Unge og eldre vert nok ein gong inviterte til å gå Ulvenmarsjen. Som seg hør og bør er det turstart både laurdag og søndag. (Arkivfoto)

Klart for 38. utgåve av Ulvenmarsjen

Seks standhaftige marsjdeltakarar har så langt gått samtlege Ulvenmarsjar. Til helga går dei truleg for 38. gong.

Det tynnast stadig ut i rekkene, men tre kvinner og tre menn kan framleis skryta av å ha gått samtlege Ulvenmarsjar sidan starten i 1979.

- Eg har ikkje høyrd noko anna enn at dei skal gå i år også. Eg reknar med at at både Barbra Nymark, Nina S. Sælen, Britt Eva Brurås, Ottar Skarstein, Otto Tysseland og John Hope fullfører sin 38. Ulvenmarsj i løpet av helga, seier primus motor for arrangørlaget Søfteland TIL, Erling Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opp mot 500

Dei siste åra har deltakartalet lagt på i overkant av 400. I fjor gjekk 430.

- Målet for i år er å nærma oss 500 igjen, eit tal me vågar å håpa på dersom vêret er med oss.

- De har truffet litt leit med datoen dei siste åra. Korleis er det i år?

- I år unngår me i alle høve Bergen City Marathon og Skarvarennet, men lokale ting som fotballkampar og mini-cupar er verre å unngå. No på våren skjer det mykje uansett, seier Andersen.

Han håpar uansett at om folk er opptekne på laurdagen, så går dei Ulvenmarsjen søndagen, eller motsett.

- Me har fullt opplegg begge dagar som vanleg. Kring 20 frivillige står på kvar dag for å syta for at osingar og andre skal få høve til å gå den flotte 14 km lange turen rundt Skeie, seier Andersen.