Nore Neset kan ta over leiinga i 6. divisjon avdeling 3 når serieleiar Mathopen kjem på besøk fredag kveld.
Nore Neset kan ta over leiinga i 6. divisjon avdeling 3 når serieleiar Mathopen kjem på besøk fredag kveld.

Klare for topp-oppgjeret

Fredag kan Nore Neset vippa Mathopen ned frå tabelltoppen. - Eg trur det vert ein tøff og jamn kamp, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.

- Mathopen er eit bra lag. Me kjem til å køyra vårt spel, og eg har trua på siger, seier Sælensminde.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Full pott på heimebane

Nore Neset har fått ein god start på sesongen, og ligg to poeng bak serieleiar Mathopen før kampen som går av stabelen fredag klokka 19. På heimebane står dei med full pott etter fire kampar. På bortebane har dei berre sanka fire av ni poeng så langt.

- Me spelte uavgjort mot Inter Bergen, som hadde ein utruleg god keeper. Eg kan ikkje hugsa å ha sett ein så god keeper nedover i divisjonane før. Då me tapte mot NHH, hadde me rett og slett ein dårleg dag, seier Sælensminde og legg til at bortestatistikken må hevast om dei skal nå målet om å rykka opp.

Bøttar inn mål

Arvid Rabben er tilbake etter at han blei skadd i første seriekamp. Det gjev Nore Neset-trenaren eit luksusproblem. Stian Lunde har vikariert på topp, og står med 13 mål så langt. Ti av dei har kome på dei siste fire kampane.

Nore Neset-trenar Arne Sælensminde har ein fulltallig tropp å velja i når han skal ta ut laget til toppoppgjeret.
Nore Neset-trenar Arne Sælensminde har ein fulltallig tropp å velja i når han skal ta ut laget til toppoppgjeret.

- Lunde har verkeleg vore ei målmaskin for oss. Han bøttar inn mål. Eg er usikker på korleis eg skal setja opp laget, og må tenkja på det fram mot fredag, seier Sælensminde.

Dessutan er det 30 spelarar i sving på treningane til Nore Neset.

- Det er også eit luksusproblem. Eg har mange gode fotballspelarar å velja i. Det er ei utfordring å ta ut laget til kvar kamp, seier han.