Klare for KM og friidrettens dag
Til helga sesongdebuterer fleire i KM på Fana stadion. Andre inviterer til friidrettens dag på Kuventræ.
Friidrettssesongen er altså i full gang for gjengen i Os Turn. I ungdomsgruppa har dei hatt stabilt oppmøte på kvar fellestrening.
- Me har vore ein bra gjeng. I dag var det eit par som ikkje kunne, men jamt over er me mellom 15 og 20 ivrige og treningsvillige ungdomar her kvar måndag, seier trenar Jan Borgen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Open dag
For enkelte av utøvarane startar konkurransesongen til helga. KM på Fana stadion går over tre dagar.
- Forbundet var litt seine med å setja opp dette stemnet, så for nokon kjem det litt brått. Men med stort og smått stiller me nok med 11-12 utøvarar, forklarer Borgen.
Han er glad for at dei fleste osinganes øvingar går av stabelen på søndagen.
- Laurdag har me friidrettsdag her på Kuventræ, så då må mange av utøvarane våre vera med og hjelpa til og ta imot born og unge som er nysgjerrige på sporten vår, seier Borgen.
- Me kjem til å ha ope for alle typar friidrettsøvingar denne dagen. Medlemene våre vil vera på plass for å hjelpa til og for å informera om friidrettssporten generelt. Målet er sjølvsagt å rekruttera fleire, seier Borgen.
Framolekene
Friidrettsgruppa til Os Turn har fleire medaljekandidatar i KM. Eit par kan til og med gå til topps.
- Sondre Herrevold har fått ein god start på sesongen i seniorspyd. Hans bestenotering på 48,03 lover godt. Han er berre 17 år, men kan likevel gå til topps i klassen han skal konkurrera i, gutar 18-19 år, fortel trenar Borgen.
Også trenarens son, Mons Martin Borgen, kan ta KM-tittelen i helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han vann i fjor, så me får håpa han klarar å forsvara tittelen, seier Jan om sin høgthoppande son.
Det neste store for ungdomsgruppa er Framolekene på Fana stadion helga 4.-5. juni.
- På det stemnet stiller me garantert med mange utøvarar. Det er eitt av høgdepunkta for sesongen, seier Borgen.
Også til Hardanger friidrettsfestival i juli reknar han med at osingane stiller med mange utøvarar.