Klare for å tevla mot dei beste
I desember kapra Os jenter 16 plassen i Bringserien med eit naudskrik. I helga reiser dei til Trondheim for å spela første runde.
- Jentene går nokre tøffe månader i møte. I tillegg til vanleg seriespel, skal dei no i gang med den nasjonale eliteturneringa. Der skal dei tevla mot dei beste laga i Noreg, seier trenar Gitte Torp.
Ein runde kvar månad
Det var i desember at Os kvalifiserte seg for Bringserien. Etter å ha tapt mot Åsane og Gneistmåtte dei slå Førde med minst seks mål. Det gjekk såvidt, då dei vann med nettopp seks mål. No kan dei hausta fruktene av den sigeren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første runde går av stabelen i Trondheim i helga. Klokka 12.00 laurdag startar turneringa for Os´ del. Motstandaren er Malvik HK 93. Seinare same dag, klokka 16.30, er det Ski som står på motsett banehalvdel. Siste kamp går søndag klokka 10.00 mot Elverum, før jentene vendar nasene heimover for å konsentrera seg om seriespel.
- I februar skal me til Oslo. Tredje runde går i Kristiansand i starten av mars, før den avsluttande runden går av stabelen i Oslo i april, seier Torp.