Deltaking i årets VM var eitt av sesongens store mål for Ragnhild Femsteinevik.
Deltaking i årets VM var eitt av sesongens store mål for Ragnhild Femsteinevik.

Klar for VM

Ragnhild Femsteinevik er teken ut til junior-VM i skiskyting.

Norges Skiskytterforbund har offentleggjort namna på utøvarane som er klare for junior-VM 2016. Meisterskapen finn stad i Cheile Gradistei i Romania frå 27. januar til 2. februar.

Blant løparane finn me altså Ragnhild Femsteinevik som går for Hålandsdal IL. Ho er sisteårsjunior, og tevlar i klassen Kvinner 20-21 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltaking i årets VM var eitt av sesongens store mål. Då me prata med ho i november hadde ho planen klar.

- Eg satsar på å kvalifisera meg til VM. For å klara det, må eg prestera i uttaksrenna, sa ho den gongen.

I helgas renn i Vingrom vart det ein fjerdeplass på normaldistansen og ein trettande plass på sprinten.

Med seg på laget til VM får Femsteinevik Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF, Anne Marit Bredalen, Åsnes Skiskytterlag, Turi Storstrøm Thoresen, Alvdal IL og Eline Grue, Kvikne IL.