Frode Veim Haugland (t.h.) skal tevla om store pengesummar i Las Vegas i juni. Her er han sving under NM i turnhallen i Bergen i fjor haust.
Frode Veim Haugland (t.h.) skal tevla om store pengesummar i Las Vegas i juni. Her er han sving under NM i turnhallen i Bergen i fjor haust.

Klar for Vegas

Ein Frode Veim Haugland ute av form hadde få problem med å kvalifisera seg til finalen i World Armwrestling League som går av stabelen i Las Vegas i juni.

Veim Haugland vann med både venstre- og høgrearmen då han tevla i Manchester sist veke, og er dermed klar for finalen i Vegas.

- Eg er ikkje overraska over å ha kvalifisert meg, men eg hadde ikkje trudd at eg kom til å vinna med begge armane, seier Veim Haugland og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er ikkje akkurat i toppform. Det blir lange dagar med husbygging, og lite tid til trening. For at ein skal få noko effekt av treninga er det viktig med litt kviletid. Nett no jobbar eg 12-14 timar kvar dag, så det blir ikkje mykje tid til kvile.

Får ros for taktikken

I handbakk nyttar ulike utøvarar ulike taktikkar, og under ei tråd på Facebook, der Veim Haugland fortel at han har kvalifisert seg til Vegas, er det ein som skriv at han er imponert over den "defensive stilen" til osingen.

- Eg gjekk eigentleg ikkje defensivt ut i Manchester. Det var heller det at dei andre var kjappare enn meg. Startane sitt ikkje heilt, seier Veim Haugland og legg til:

Det var i Manchester sist veke at Veim Haugland kvalifiserte seg til finalen i WAL i Las Vegas.
Det var i Manchester sist veke at Veim Haugland kvalifiserte seg til finalen i WAL i Las Vegas.

- Men eg er ein av dei beste i defensiv posisjon. Om kampen stoppar opp, så har motstandaren tapt. Så enkelt er det.

Kva taktikk han brukar, kjem heilt an på konkurransen.

- I EM og VM prøver eg å unngå den defensive strategien, for det kostar ekstra krefter. I desse meisterskapane møter fleire utøvarar, mens eg i ARM WARS stort sett kjempar mot ein mann over fleire rundar. Då kan eg showa litt ekstra. NM er så lett for meg, der er det ikkje så viktig kva for strategi eg brukar, seier Veim Haugland og ler.

Går etter pengane

- Kva er mest viktig for deg av EM og VM, og WAL?

- Det er mest prestisje i EM og VM, og det er sjølvsagt kjekt å bli verdsmeister, men med tanke på premiepengar og slikt er WAL klart størst. Det er ikkje pengar i EM og VM, seier Veim Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som kjem til finalen er garantert premiepengar. Vinnarane får 20.000 dollar.

- Eg kjem til å prioritera ARM Wars i år og neste år, så får vi sjå kva eg satsar mot etter det. Det er i alle fall kjekkare å vinna pengar enn å måtte bruka pengar for å tevla.

For å kunna hevda seg i den internasjonale tevlinga, er det naudsynt å få kvalitetstrening før avreise til Vegas.

- Blir det hardtrening framover?

- Eg må bli ferdig med å byggja huset mitt først. Det nærmar seg. Kanskje eg får nokre gode treningsdagar rett før avreise, humrar Veim Haugland.