Klar for tredje regionale landslagssamling
Før jul var ho med på to. Neste torsdag deltek Mia Torp Nielsen på si tredje regionale landslagssamling denne sesongen.
Strek-spelaren frå Os er blant 18 98-99-spelarar frå region vest som får delta på samlinga i Framohallen neste torsdag. Med det har 17-åringen fått med seg alle dei regionale samlingane denne sesongen.
- Mia har stor glede av dette. Med Tertnes-trenar Tore Johannessen som trenar får dei svært god oppfølging. Opplegget er verkeleg motiverande, seier mamma og assistenttrenar for Os-damene, Gitte Torp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire talent
Ho skulle helst sett at fleire av 99-jentene på Os hadde fått vera med.
- Eg meiner det er mange fleire enn Mia som hadde fortent å få vera med på ei slik samling, men no er eg jo litt inhabil akkurat på det området, humrar mamma Gitte.
- Det er i alle høve fleire store talent i 99-gruppa vår, så får me håpa at nokon av dei får sjansen ved eit seinare høve, legg Gitte til.
Mia Torp spelar til dagen for 2. divisjonslaget og jenter 17-20-laget til Os.