Klar for proffliv i Belgia
Anders Berntsen Mol har skrive under for den belgiske toppklubben Noliko Maaseik.
19-åringen frå Strandvik har dei siste tre åra gått på Topp Volley Norge-skulen i Sand. No er den høgreiste volleyballspelaren klar for utanlandseventyr i Belgia.
- Det kom svært overraskande på meg at eg skulle få denne sjansen som læregut i ein merittert klubb som Noliko Maaseik, men eg ser fram til å kunna utvikla meg endå meir som volleyballspelar i denne klubben, uttalar Strandvik-guten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nye trenarkrefter
19-åringen har fått med seg at klubben nyleg har signert den meritterte trenaren Daniel Catsellani.
- Både klubbskiftet og det å få trena under ein såpass erfaren og flink trenar triggar meg veldig, seier Anders.
Far og tidlegare trenar Kåre Mol, trur klubbskiftet vil gjera sonen godt.
- Eg ser mange positive sider ved denne overgangen. Anders vil ha godt av å få andre trenarkrefter som utfordrar han. Det at eg no blir frigjort frå trenar-rolla, kontra pappa-rolla vil vera godt for begge partar, fortel pappa Mol.
Han trur sonen også vil dra nytte av klubbskiftet i høve til sandvolleyball-satsinga.
- Det at Anders er tiltenkt ei rolle som kantspelar vil definitivt vera utviklande for han som beachvolley-spelar. Han kjem til å bli utfordra mykje kvar dag og vil veksa som volleyballspelar generelt, trur pappa Mol.
Sandvolleyball-EM
I september i fjor vart Anders og søskenbornet Mathias Berntsen EM-vinnarar for U20-spelarar i sandvolleyball.
Denne sesongen skal gutane på BeachvolleyVikings delta i U20-EM i Tyrkia og i U22-EM i Hellas litt seinare i sommar.