Karoline Breivik fekk ein grei start på juniorcupen i helga, men søftelendingen føler framleis at den raude Toyotaen manglar litt gneist. (Arkiv
Karoline Breivik fekk ein grei start på juniorcupen i helga, men søftelendingen føler framleis at den raude Toyotaen manglar litt gneist. (Arkiv

Karoline til A-finalen

Karoline Breivik fekk ein god start på juniorcupen då ho køyrde seg inn til sjetteplass no i helga.

Den første runden i juniorcupen Rx gjekk av stabelen på Grendlands Motorsportsenter i Skien. Karoline Breivik stilte i sin Toyata Starlet og køyrde stabilt bra i alle rundane.

Med innleiande rundar med 4.,5.,5. og 6. beste tid av dei totalt 14 deltakarane, fekk Karoline beste spor i B-finalen. Her køyrde ho så bra at ho fekk sjansen i A-finalen like etter. Her enda ho på sjetteplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange nye bilar i klassen i år, og nivået er mykje høgare enn tidlegare. I så måte er me godt nøgde med sjetteplass, seier Karoline og teamet.

Manglar gneisten

Rallycross-sjåføren frå Søfteland er elles ikkje fullt så nøgd med "guffen" i "Starlet´en".

- Ho føler den siste gneisten manglar. Dette skal me jobba med fram til neste runde, som går på Gardemoen Motorpark komande helg, uttalar team-leiar Håvard Gaassand.