KARATE: To osingar tok EM-gull
Benjamin Askvik (13) og Armin Palislamovic (16) har teke gull i Rotterdam. Denne prestasjonen er unik i Os karateklubbs historie.
Osingane setter sitt tydelege preg på det norske landslaget sin innsats i karate-EM i Rotterdam denne helga. Fredag kveld kunne to osingar smykka seg med gull rundt halsen. Via telefon spør lokalavisa korleis gutane opplever storhendinga.
- Dette er mitt første internasjonale stemne, og det er sjølvsagt fantastisk inspirerande å vinna gull. Det gir meg skikkeleg meirsmak, seier Benjamin Askvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Overraska seg sjølv
Armin Palislamovic hadde ikkje sjølv forventa å koma øvst på pallen.
- Eg har satsa mest på kamp, og er veldig overraska over at det blei gull, seier 16-åringen.
Trenarane i klubben har pressa litt ekstra på for å få han til å stilla i EM etter å ha observert kva han er god for.
Unikt i klubbens historie
Anita Engevik i Os karateklubb seier at noko slikt aldri før har skjedd i klubbens historie.
- Dette er første gong at klubben tek med to gull i same meisterskap på vegner av Noreg, seier ho.
Dei har jamvel von om at osingane kan plukka med seg meir edelt metall i løpet av helga.
- I dag er det individuelle klassar - både senior og junior- og i morgon er det bl.a. lagkamp, seier Engevik.