Liv Pauline Lunde, Christine Moberg, Irmelin Lund, Jenny Sælen, Irmelin Sandven og Malene Markhus Tysnes. Framme frå venstre: Stina Sørstrønen, Malin Michalsen og Regine Sten. Ikkje til stades: Oda Andersen Lekven.
Liv Pauline Lunde, Christine Moberg, Irmelin Lund, Jenny Sælen, Irmelin Sandven og Malene Markhus Tysnes. Framme frå venstre: Stina Sørstrønen, Malin Michalsen og Regine Sten. Ikkje til stades: Oda Andersen Lekven.

Kapra Bringserieplassen med eit naudskrik

Etter å ha tapt to av kvalikkampane var Os jenter 16 nøydde til å vinna siste kampen med seks mål. Det gjorde dei.

Jentene på Os jenter 16 har i ei årrekkje vore blant dei aller beste aldersbesemte laga i landet. I bergensområdet har dei rett og slett vore best - som i fjor då dei tok regionsmeister-tittelen her vestpå. I år merkar dei at konkurrentane har forsterka laga.

- I desse regions-turneringane merker me at Os er ei litt liten klubb. Åsane og Gneist har enorm rekruttering, og samlar dei beste spelarane frå mange klubbar. Det gjer dei sjølvsagt sterkare, seier Os-jentenes trenar, Gitte Torp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svak start x 2

I helga spelte jentene kvalik til Bringserien (den nasjonale eliteturneringa for aldersbestemte lag) i Åsane og på Knarvik. I dei to første kampane fekk osingane merka at laga dei tidlegare har slått, er blitt markant betre.

- Både Åsane og Gneist er blitt betre. Då hjelper det ikkje når me står med lua i handa i det kampane vert blåse i gang, seier Torp.

I oppgjeret mot Åsane laurdag låg osingane under med ti mål til pause. Til slutt enda kampen med 22-12-tap.

- Me held dei altså til uavgjort etter kvilen. Det viser at me kan visst me vil, seier Torp.

I søndagens oppgjer mot Gneist skjedde det same igjen.

- Eg veit ikkje kva eg gjorde galt, men eg fekk ikkje jentene heilt "på" i denne kampen heller. Nok ein gong gjekk me til pause med ti mål færre enn motstandaren. Nok ein gong spelte me uavgjort i andre omgang. Tenk om me kunne prestert like bra i begge omgangane, seier Torp retorisk.

Kniven på strupen

Ettersom tre av fire lag ville få Bringserie-billetten rekna Torp og Os-jentene med at siger mot Førde i siste kamp ville vera nok til tur. Det dei ikkje hadde rekna med var at Førde skulle slå Åsane. Dermed skulle kvalikplassen stå om målskilnad.

- Me måtte vinna med seks mål, og utruleg nok klarte me det. Me skåra tre mål meir enn Førde i kvar av dei to omgangane og vann dermed med nettopp seks mål meir. Jubel-scenane var enorme, ler Torp.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Førde-spelarane var opplevinga naturleg nok langt mindre hyggjeleg.

- Huff, eg fekk vondt av dei. Dei gret og gret i det dei gjekk om bord i bussen for å køyra heim. Nei, det er tøft å mista plassen på målskilnad. Det skjønar eg godt, seier Torp.

Travel vår

Med Bring-billettane sikra kan Os jenter 16 sjå fram mot ein travel, men spennande vårsesong.

- Det blir mykje kampar. I tillegg til vanleg seriespel skal me altså spela fire Bringserie-rundar på ulike plassar i landet. Det blir ei reisehelg i månaden ut april, fortel Torp.

Ho legg til at jentene no må ut å selja lodd og gjera dugnadsjobbar for å dekka inn litt av reisekostnadene.

- I tillegg får me prøva å få oss nokre sponsorar. Kanskje nokon som les saka i lokalavisa kjenner seg kalla, avsluttar Torp.