Fredrik Heggland feira opprykket på sofaen heime i Os. I desse dagar startar 19-åringen å trena med ball igjen etter menisk-skaden i slutten av mai.
Fredrik Heggland feira opprykket på sofaen heime i Os. I desse dagar startar 19-åringen å trena med ball igjen etter menisk-skaden i slutten av mai.

Kan starta jakta på eliteserie-debuten

Med Branns opprykk kan Fredrik Heggland starta jakta på eliteseriedebuten i 2016.

Årets sesong vart ingen stor suksess for 19-åringen frå Os. Rett nok fekk han A-lagsdebuten sin, men i sin andre kamp frå start, borte mot Åsane, rauk han menisken og vart sendt ut i eit seks månader langt skadeavbrekk. Først i desse dagar er Fredrik klar for å ta sine første treningsøkter med laget.

Feira på sofaen

Medan lagkameratane feira på stadion og i byen onsdag kveld, låg ein småsjuk Fredrik Heggland sjuk heime i sofaen i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var surt. Eg skjønte jo kvar det bar etter kvart som Sogndal putta på mot Kristiansund, men eg var ikkje i slag til å bussa til byen og vera med på feiringa - om eg hadde aldri så mykje lyst, fortel Fredrik.

Etter kvart som kvelden seig på fekk han fleire meldingar frå lagkameratane.

- Dei fekk seg ein tur på byen. Det synest eg dei fortente, seier Fredrik.

Brann-trenar Lars Arne Nilsen har praktisert alkoholforbod for spelarane i sesongen. Onsdag fekk spelarane eit lite fritak.

- Eg veit ikkje kvar dei var, men etter det eg forstod, var alle samla ein plass, fortel Fredrik.

Skal ta kampen

Osingen som fyller 20 år om eit par veker har kontrakt med Brann ut sesongen 2017.

- Eg har god tid til å få visa kva eg verkeleg duger til, men etter dette lange avbrekket, er eg svært gira på å koma i gang igjen. Første mål er å vera heilt restituert til oppkøyringa startar i byrjinga av januar, fortel Fredrik.

Derette handlar det om å få seg sin første eliteseriekamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg får prøva å vera tolmodig. Første reelle mål må jo vera å få debuten i eliteserien, så får me ta det frå der, avsluttar Fredrik.