Jentelaget til Fusa vgs klar for NM
I fjor gjekk mix-laget til topps i NM. Torsdag sikra jentelaget seg billett til årets meisterskap som går i Stavanger.
Torsdag var det regionsmeisterskap og NM-kvalifisering i volleyball for vidaregåande skular i Haukelandshallen i Bergen.
Fusa vidaregåande skule stilte med to lag - eitt jentelag og eitt mix-lag.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fjor enda mix-laget til fusingane opp med NM-gull. Denne gongen stansa mix-laget sin NM-ferd i Bergen.
Laget tok greitt seg vidare frå puljespelet og vann kvartfinalen, men i semifinalen måtte dei sjå seg slått av Terntes videregåedne skole.
Etter å også ha tapt bronsefinalen enda laget på fjerdeplass. Dermed vert det ingen NM-tur på årets mix-lag frå Fusa.
- Det vart ein litt sur fjerdeplass på gjengen, men me har ikkje heilt gjeve opp at laget skal få delta i NM. Det hender nemleg at det vert ein ledig plass eller to, og blir det det, skal me vera klare til å senda laget vårt, seier lagleiar Ragni Hestad.
Solid siger
Men nokon som garantert får NM-tur er jentelaget. Dei åtte på jentelaget til Fusa vgs spelte solid frå start til slutt, og kunne etter fem solide sigrar feira regionsmeister-tittel og billettar til NM i Stavanger siste helga i januar.
- At me for andre året på rad har lag i NM er ein siger for volleyballprosjektet på Fusa vgs, seier trenar Ragni Hestad.
Totalt trenar ho 17 elevar tre gongar i veka.
- Elevane er svært treningsvillige og har teke store steg det siste året. Resultatet av det såg me her i regionsmeisterskapen, fortel Hestad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jentene starta med å slå Øystese 2 og 3 i puljespelet. Deretter slo dei Nordahl Grieg vgs i kvarfinalen og Sandsli vgs i semifinalen. Begge kampane enda med 2-0-siger til fusingane.
I finalen vart det hakket meir spennande.
Då møtte jentene Øystese vgs sitt førstelag. Ein gjeng med gamle rivalar av fusingane.
Fusa starta best og vann første settet 25-18. Deretter tok Øystese vgs andresettet 25-20, før Fusa-jentene i siste sett viste kven som var best og drog sigeren i land med settsifra 15-11.
- I fjor tapte jentene 1-2 for nettopp Øystese. Dette var ein herleg revansje, legg Hestad til.