Jan Borgen tilbake for fullt
I fjor haust fekk han hjarteslag og måtte hasteopererast. Vel eitt år etter imponerer Jan Borgen på friidrettsbanen igjen.
Kenneth Svenningsen
Artikkelen held fram under annonsen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Dei to siste helgane har friidretts-veteranane i Hordaland vore i aksjon i ulike krinsmeisterskap i Bergen.
Evig unge Jan Borgen har vore blant deltakarane. Osingen, som seinast i fjor haust vart operert for alvorlege hjarteproblem, er no fullt restituert og tevlar som alltid med full innsats.
- Det er veldig kjekt å vera med å konkurrera igjen, og det kjekkaste er at eg føler meg nesten i like fin form som eg var i før eg fekk problem med hjarte, seier den spreke 70-åringen.
Rekord-sum
No sist helg var det 5-kamp som stod på programmet. Øvingane her var slegge, kule, diskos, spyd og vektkast.
I denne konkurransen gjekk Jan Borgen heilt til topps i sin klasse. Med poengsummen 3.125 noterte han seg for tredje beste poengsum gjenn om alle tider i Hordaland.
Borgens resultat var 28,83 m i slegge, 10,25 m i kule, 31,79 m i diskos, 26,52 m i spyd og 12,96 i vektkast.
Førre helg var Borgen i aksjon i KM i enkeltøvingar. Her tok han fire gull etter å ha kasta 33,23 i slegge, 10,16 i kule, 30,96 i diskos og 12,25 i vektkast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse stemnene var Borgens første etter hjarteoperasjonen i fjor haust.
- Eg har ikkje trena mykje med kast, men elles er kroppen fin, så då flyter eg på gamal rutine, humrar Borgen.
Kristin Davanger tok gull i sin klasse i høgdehopp. Ho hoppa 1,35 m.