Inviterer til open dag på Moldegaard
Moldegaard Ryttersportklubb feirar 30 år. Det markerer dei med open dag.
Ryttarsportklubben på Moldegaard kan i år feira 30-årsjubileum. Markeringa vert 22. oktober. På programmet står natursti i Moldegaard-parken, omvising i stallane og ponniridning. I tillegg vert det oppvising med innslag frå ryttarane ved rideskulen og vising av greinene sprang, dressur og køyring.
- Målet med dette arrangementet er å gje litt attende til lokalsamfunnet. Det er gratis, for å gje alle høve til å delta og for gje borna ein sjanse til å oppleva dyr på nært hald og få ein liten tur på hesteryggen, fortel Bjørn Palmork i ryttarsportklubben.