Inviterer til dans i tropehagen
I fjor gjekk dei på catwalken. Onsdag byr Marius Mikkelsen og A-lagsspelarane til Os dei eldre opp til dans i tropehagen.
Os Fotball er klar for sitt årlege «stunt» for dei eldre. I år steppar dei opp, tingar tropehagen på Luranetunet og inviterer like godt alle som vil til å vera med på festen.
– To år på rad har me hatt fotballfest på eldresenteret. Det har vore veldig vellukka. I år gjer me det endå litt større. Me håpar både unge og gamle finn vegen til tropehagen. Der me har plass til veldig mange, seier dagleg leiar i Os Turn, Endre Brenne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os starta opplegget for eldre etter å ha høyrt om Mjøndalens tradisjonsrike fotballkveldar for denne aldersgruppa. Resultatet har vore strålande.
– Eg trur me kan seia at det er blitt ein tradisjon også her i Os. Me har i alle høve berre fåt gode tilbakemeldingar for desse arrangementa, seier Brenne.
Men i år steppar dei altså litt ekstra opp.
– Tropehagen på Luranetunet er jo perfekt for ein slik kveld. Med palmer og sydleg stemning er det jo midt i blinken for å køyra ein fotballfest, er det ikkje, spør Brenne retorisk.
Av innslag kring fotball blir det dikt ved A-lagstrenar Karl Kvile, presentasjon om arbeidet kring «Eat, Move, Sleep»-cupen og prat om Os Turn Fotball som gruppe.
For gamal og ung
Onsdagens program skulle passa dei fleste, også dei med mindre interesse for ballsport.
– Det vil jo sjølvsagt vera nokre innslag kring fotballtema, men det vert også quiz, musikk, «Skal vi danse»-konkurranse og servering av smoothies og litt mat, fortel Brenne.
– Skal de ha dansekonkurranse også?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, A-lagsspelarane våre har fått i oppdrag å by opp dei eldre, så har me eit panel som vil vurdera innsatsen til alle para som er med. Etterpå blir det høgtideleg premieseremoni, fortel leiaren i Os Fotball.
Os Turn stiller med over 40 frivillige – spelarar og trenarar. No håpar dei også osingane stillar mannsterke opp.
– Arrangementet er for alle som vil uansett alder?
– Uansett alder, slår Brenne fast.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no