Inne blant dei ti beste
I helga vart han nummer ti i NM. På sikt satsar Sondre Ødegård Aksnes på å bli best i verda i freestyle fotball.
17 år gamle Sondre Ødegård Aksnes har berre drive med freestyle fotball i to og eit halvt år. Likevel er han no inne blant dei ti beste triksarane i landet. Det synest osingen er stort.
- Nivået i Noreg er utruleg høgt. Me har mange av dei beste freestylarane i verda. I så måte er eg kjempenøgd med tiandeplassen denne helga, fortel osingen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stort arrangement
Då Sondre starta opp var det fleire vestlendingar som satsa. No er osingen "åleine" mot austlendingane.
- Fotball freestyle-miljøet her på Vestlandet er litt nede nett no. Det er litt synd. Eg jobbar med å spreia sporten, men for augneblinken er dette nærast ein austlandssport, seier Sondre.
Det var difor inga overrasking at årets NM gjekk av stabelen på Austlandet, denne gongen på Hadeland vidaregående skole utanfor Hønefoss.
- Meisterskapen gjekk i samband med ein natt-cup i futsal-fotball. Det var skikkeleg artig, med mykje folk og god stemning fortel Sondre.
Framgang frå i fjor
Blant totalt 17 deltakarar vart Sondre ranka som nummer ti etter innleiande runde.
Deretter gjekk utøvarane i såkalla "battle" for å nå finalen.
- Eg vart slått ut av ein kar ved namn Jørgen Wegge. Han vart til slutt nummer sju i meisterskapen, sjølv vart eg altså ståande på tiandeplass, fortel Sondre.
I fjorårets NM vart osingen nummer 13.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For meg var det eit delmål å koma meg inn blant dei ti beste i landet, seier Sondre, som med sine 17 år var tredje yngst i konkurransen.
Fleire av dei som kom framfor han på resultatlista har markert seg i VM.
- Dei beste i Noreg er også blant dei beste i verda. I sist VM no tidlegare i haust var det seks nordmenn som plasserte seg blant dei 16 beste. Med det var me den beste nasjonen i meisterskapen, fortel Sondre.
Stor lidenskap
For Sondre er freestyle-fotballen blitt ein stor lidenskap. I veka trenar han 5-6 gongar. Kvar økt varar frå 1-3 timar.
- Eg har fått ein god avtale med Sprek og Blid i Bahusfabrikken. Der har eg gode treningsfasilitetar, fortel Sondre, som i starten trena i familiens garasje.
Han har forlengst slutta med vanleg fotball, og bruker no store deler av fritida på å utvikla seg og bli best mogleg.
- Målet er å bli verdas beste. Eg har teke store steg dei to og eit halvt åra eg har halde på, og vegen opp til dei beste er ikkje avskrekkande.
På nyåret reiser han på treningsleir til Danmkark. Der startar førebuingane til ein ny og spennande sesong.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Neste år skal eg vera med i både EM og VM. Dessutan skal eg halda fram med å klatra på resultatlista i NM-samanheng, seier den målmedvitne og talentfulle 17-åringen.