Eirik Wollen-Steen og Vegard Leikvoll Moberg var blant Åsanes beste spelarar då Kristiansund vart slått 2-0 på søndag. (Privat foto)
Eirik Wollen-Steen og Vegard Leikvoll Moberg var blant Åsanes beste spelarar då Kristiansund vart slått 2-0 på søndag. (Privat foto)

I ferd med å fullføra sin beste sesong

I vår tok Bergensavisen han med på Bylaget. Sidan har Vegard Leikvoll Moberg berre spelt betre og betre.

I går var osingen sentral då Åsane slo Kristiansund 2-0 på Myrdal gras. Med det tok dei oransjekledde eit solid steg i retning fornya kontrakt i 1. divisjon. Samstundes gav dei Brann ei hjelpande hand i deira kamp for direkte opprykk.

- Det var kjempemoro - stor stemning, mykje folk og me spelte ein av våre beste kampar for året, fortel Vegard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han stod for den målgjevande pasninga då Geir Andrè Herrem sette inn 1-0 i det 31. minutt.

2-0 kom åtte minutt ut i andre omgang. Sidan sikra Åsane med solid forsvarsspel resultatet kampen ut.

- Me hadde bra kontroll og Kristiansund skapte lite. Me har ei eiga evne til å prestera ekstra bra mot antatt betre motstand. I år har me teke fire av seks poeng mot Sandnes Ulf, eitt poeng mot Sogndal og Brann og seks poeng mot Kristiansund, oppsummerer osingen.

Meir komplett

Etter ein fenomenal start med siger i sine tre første kampar, fall Åsane saman og tapte ei rekkje kampar midtveges i sesongen. No i haust har dei vore svært solide. Faktisk sjette best i Obos-ligaen.

For Vegard sin del har det også gått betre og betre.

- Eg hugsar eg sa det då i sommar - at eg hadde meir å gå på, og at eg trudde eg kom til å bli betre utover hausten. I ettertid må eg seia eg hadde rett, humrar Vegard nøgd.

Han sikter til då «Os og Fusaposten» intervjua han i samband med at han var teke ut på Bergensavisens by-lag like før sommarferien.

- Reint defensivt gjorde eg ein bra vårsesong, men i haust har eg bidrege mykje meir offensivt, seier Vegard.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til skåring i tre kampar på rad her for litt sidan, har osingen mange assists denne hausten.

- Ein ønskjer alltid å utvikla seg. I løpet av denne sesongen føler eg absolutt eg har blitt ein meir komplett spelar.

Bør vinna

Med to rundar att ligg Åsane på trygg grunn. Men 1. divisjonskontrakten er ikkje sikra enno.

- No har me Fredrikstad heime og Hønefoss borte. Dersom me vinn over Fredrikstad til helga, trur eg me har klart oss, seier han.

Etter storspel på nest øvste nivå har Vegard fått mykje bra omtale i aviser og på TV. Før neste sesong er det truleg fleire klubbar som har teikna ein raud strek under den høgreiste 24-åringens namn.

- Eg har ikkje høyrt noko ennno, og eg er heller ikkje oppteken av det. Eg er glad i å spela for Åsane og har fullt fokus på dei to siste kampane, seier Vegard.

Litt motvillig vedgår han likevel at at han alltid har drøymd om å spela i eliteserien.

- Jaudå, det er framleis målet, men med den framgangen me har med Åsane, kan eg jo få oppleva det her. Me er ein knakande fin gjeng på Myrdal, avsluttar osingen.