Hurra for HU-laget til Os
HU-laget til Os imponerte stort i Landsturneringa i Stavanger i helga.
Totalt 1.400 fotball- og handball-spelarar var i helga samla i Stavanger for å delta i den årlege Landsturneringa for utviklingshemma.
Os stilte som vanleg med sitt handball-lag. I gjengen var dei elleve spelarar og sju i støtteapparatet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vann tre av fire
Etter ei herleg oppkøyring med parade gjennom Stavangers gater og tur til Kongeparken fredag kveld, var osingane kongeklar for innsats på parketten i Stavanger idrettshall laurdag.
Dei gul-svarte starta litt nølande med 7-10-tap i første kamp, før dei løfta seg markant og banka Kolbotn 6-2 i kamp nummer to.
Deretter var osingane verkeleg inne i sigersstimen. Dei to neste gruppekampane enda med 11-4-siger over Kollnes, og 9-4-siger over Sandnes.
- Det er lenge sidan gjengen vår har vunne såpass mykje. Dei var verkeleg i form i Stavanger, skryter trenar Grethe Søviknes.
Samansveisa gjeng
Med siger i tre av fire gruppekampar kom HU-laget til Os til semifinale. Her møtte dei Grane frå Arendal.
- Dei vart dessverre hakket for god for oss. Me tapte til slutt 1-7. Truleg burde dei vore meldt på i ei annan gruppe, seier Søviknes.
Ho er uansett strålande nøgd med både det sportslege og det sosiale utbytet av turen. Det same er trenar-kollega Ina Christine Eide, som har vore med Søviknes dei siste tre åra.
- Det er veldig morosamt å vera på tur med denne gjengen. Dei har det utruleg kjekt i lag, og er svært flinke til å ta vare på kvarandre og dela opp- og nedturar i lag, fortel Eide.