Herlig innsats, hardt straffa
Går det an å kalla eit 0-4-tap for heiderleg? Os-trenar Hassan El Fakiri meiner så absolutt det.
Fredag kveld tok Os A-lag imot Nest-Sotra på kunstgraset på Kuventræ. I sin siste treningskamp før treningsleiren på Kypros fekk osingane rimeleg tøff motstand. Fjorårets OBOS-liga-lag syntes ikkje å vera nemneverdig svekja sidan fjoråret.
- Jaudå, me tapar 0-4, men eg er langt meir nøgd enn eg er frustrert etter denne kampen. Etter mi meining held Nest-Sotra framleis godt OBOS-liga-nivå, seier El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Osingane hang svært godt med i første omgang, men sleit med å skapa dei heilt store sjansane. Nest-Sotra kom til to sjanser før dei sette inn 0-1 på ein gjennomløpning i det 15. minutt.
Like før pause la ballelleganten Johnny Furdal på til 0-2 med ein flott lobb, utgabart for Frode Øvredal i Os-buret.
- I banespelet er me heilt på høgde med dei, men me vert hardt straffa når me glipper litt i markeringane. Men uansett: At Nest-Sotra skåra to mål før pause var eigentleg god utteljing for dei, seier Fakiri.
Erik Kanestrøm, som sjølv spelte for sotraværingane i 2013-sesongen, oppsummerte første omgang slik:
- Det går litt raskare enn me er vane med, og eit par av spelarane deira er hakket meir rutinerte enn oss. Elles er eg godt nøgd med korleis me jobbar som kollektiv.
Jobba utrøyteleg
Os låg godt kompakt i ein 4-2-3-1-formasjon, noko som gav dei grønkledde gjestane lite rom å spela i. Men sjølv om vertene framstod som bra organiserte, vart dei etter kvart pressa meir og meir bakpå utover i andre omgang.
- Sjølv om Nest-Sotra køyrar litt over oss utover i kampen er det full innsats heile vegen. Eg er veldig nøgd med lojaliteten gutane viser for kvarandre. Dei gjev ikkje opp ein ball, sjølv om kampen etter kvart synest tapt, skryter Fakiri.
Tilbake i startellevaren var veteranane Stian Lunde og Torkel Hjertnes. Dei rutinerte "gamlegutane" bidrog med pondus og rutine, men det var ein yngre gut som imponerte underteikna mest i denne kampen, nemleg førsteårs-junior Torgeir Lunde. I sin defensive rolle på midten, hang han som ein klegg på dei fotrappe Nest-Sotra-spelarane. Ofte las han spelet, og brøyt framfor dei feilvende midtbanespelarane frå Sotra.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Torgeir gjer ein kjempejobb. Han flyttar seg hurtig, demmar godt opp for Nest-Sotras gjennombrotspasningar og er klok og kjapp med ballen i beina. Torgeir har eit godt "fotballhovude" og er ein spelar me kjem til å få mykje glede av utover i sesongen, skryter Os-trenaren.
Fleire i bakhand
Totalt 16 osingar fekk speletid mot Nest-Sotra på fredag. Fleire spelarar stod over kampen.
- Me har eit par i bakhand som ikkje var heilt klare for kamp i dag. Rafael Villen, Endre Brenne, Marius Mikkelsen og Christoffer Hafsås treng litt meir tid før dei er kampklar igjen. Kanskje er eit par av dei med når me spelar NM-kvalik-kamp borte mot Norhordland BK neste laurdag, seier assistent-trenar Ørjan Håland.
Nest-Sotra-keeper Øystein Øvretveit takka sin tidlegare lagkamerat i Brann, Hassan El Fakiri for kampen, Han hadde følgjande å seia om kampen:
- Os har ingenting å skamma seg over etter denne kampen. Eg føler me har eit betre lag no i år enn me hadde på same tid i fjor, og Os klarte seg bra.
Tysdag dreg A-laget på treningsleir til Aya Napa på Kypros.
Kampfakta:
Os - Nest-Sotra 0-4 (0-2)
Artikkelen held fram under annonsen.
Os sitt lag: Frode Øvredal, Devante Dubose, Torkel Hjertnes, Adrian Valle, Glenn Krossøy (Markus Sørås) - Torgeir Lunde, Stian Lunde (Håkon Kvittingen) - Øystein Takle Eide (Max Oldham), Erik Kanestrøm (Steffen Ljosheim), Emil Halver - Fabian Bødtker (Anders Havsgård).