Jon Bendik Melhus, Caroline Drønen, Yngve Løvdok, Janne Hatletveit og Elisabeth Maurstig. Framme frå venstre Magnar Moberg, Truls Strømme, Liv Mette Jensen og Marika Selje.
Jon Bendik Melhus, Caroline Drønen, Yngve Løvdok, Janne Hatletveit og Elisabeth Maurstig. Framme frå venstre Magnar Moberg, Truls Strømme, Liv Mette Jensen og Marika Selje.

Herleg med heimekamp-runde

I fjor måtte HU-laget til Os spela alle serierundane i andre hallar. I helga fekk dei spela på heimebane igjen.

- Det er alltid ekstra moro å spela i Oshallen. Her har me fleire som heiar på oss, seier storskårar Magnar Moberg.

Kraftkaren med hestehalen har vore blant dei beste på HU-laget dei siste åra. Så også i Os-hallen no laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle er gode, og alle yter full innsats, men Magnar har det vesle ekstra når det kjem til å skåra mål. Der er han veldig god, skryter trenar Grethe Søviknes.

Ho har leidd laget i over 20 år. Dei siste åra har ho hatt med seg Ina Christine Eide.

Presterar betre

Også keeper Caroline Drønen set pris på å spela i Oshallen.

- Me liker oss veldig godt her. Dessutan presterar ein gjerne litt ekstra på heimebane framfor vener og kjente på tribunen, smiler den erfarne ballstopparen i Osburet.

Os-laget fekk to kampar på heimebane denne helga. I første oppgjer mot Sandviken vann dei 5-4.

Målskårarar vart Magnar Moberg (4) og Liv Mette Jensen (1).

- Det var ein god kamp. Me var betre og vann fortent, oppsummerar Magnar.

- Men kampen vart avbroten av at ei jente på Sandviken fekk litt problem. Det var litt kjedeleg at me ikkje fekk spelt ferdig, supplerer keeper Caroline.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knepent tap

I heimerunden i gullserien mangla Os-laget Rune Myrlid og Stig Øvreeide. Det fekk dei merka i andre og siste kamp for dagen.

- Då møtte me Lyngbø. Det vart ein tøff og hard kamp, der det stod 5-5 til pause. Etter kvilen drog Lyngbø dessverre frå og vann 12-9, fortel trenar Grethe Søviknes.

Målskårarar i den kampen vart Magnar Moberg (6), Janne Hatletveit (2) og Truls Strømme (1).

Neste runde i gullserien er laurdag 21. november. Då spelar dei gul-svarte i Sotra Arena.