Dei to laga til Opptur Motbakkeklubb samla etter god innsats i BCM. I kveld feirar dei i lag med middag og uttur på byen i Bergen. (Privat foto)
Dei to laga til Opptur Motbakkeklubb samla etter god innsats i BCM. I kveld feirar dei i lag med middag og uttur på byen i Bergen. (Privat foto)

Herleg laginnsats i Bergen City Marathon

Opptur Motbakkeklubb markerte seg godt i Bergen City Marathon i dag. To mixlag plasserte seg blant dei ti beste i stafetten, og Cecilie Hagen og Stein Kjetil Hefte vann sine årsklassar.

Ein solid gjeng frå Opptur Motbakkeklubb var på plass i Bergen for å delta i det tradisjonsrike Bergen City Marathon. Ein del stilte i vanleg halvmarathon eller heilmarathon, andre prioriterte lagkonkurransen.

- Det var veldig kjekt. Me var nær 20 stykk som sprang mix-stafett. Med så mange deltakarar kunne me stilla med to lag. Begge gjorde det fantastisk bra, fortel "lagleiar" Geir Storetvedt Skaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mix-stafetten gjekk i halvmarathon-løypa. Kvar løpar sprang eit par tre kilometer kvar. Skaten sprang like godt to etappar.

- Eg sprang den første og den siste for vårt lag. Totalt vart me nummer seks blant 127 lag. Det er me sjølvsagt godt nøgde med, fortel han.

På siste etappe veksla han berre sekund før det andre laget med Opptur. 

Geir Skaten sprang både den første og den siste etappen for sitt lag. Her i det han spring laget inn til sjetteplass.
Geir Skaten sprang både den første og den siste etappen for sitt lag. Her i det han spring laget inn til sjetteplass.
Marianne Øvreeide spring sift lag inn til  åttandeplass.
Marianne Øvreeide spring sift lag inn til åttandeplass.

- Eg fekk pinnen kring fem sekund før Marianne Øvreeide. Me sprang bra inn dei siste 1,5 km frå Nordnes til Bryggen og enda på høvesvis sjette- og åttandeplass, fortel han.

Sterke klassesigrar

I enkeltklassane var det to Opptur-medlemer som utmerkte seg litt ekstra.

- Stein Kjetil Hefte og Cecilie Hagen vann sine årsklassar. Og som om ikkje det er imponerande nok, sprang dei også inn til veldig sterke tider, skryter Geir Skaten.

Med sterke 1.34,11 på halvmarathon-distansen vann Cecilie Hagen kvinnenes 40-44 årsklasse. Stein Kjetil Hefte vann herranes 55-59-årsklasse med 3.13,23 på marathon fulldistanse.