Hentar tidlegare Tippeliga-spelar
Ståle Steen Sæthre (22) er klar for Lysekloster. Midtbane-mannen har spelt på det høgste nivået i Noreg, og skal no hjelpa Lysekloster oppover i divisjonssystemet.
- Sæthre er ein fantastisk fotballspelar. Me har prøvd å signera han tidlegare, men då gjekk det ikkje, seier Ørjan Sandal.
Jobba intenst
Lysekloster har hatt nokre spelarar i kikkerten den siste tida, men Sæthre har ikkje vore ein av dei. Sandal kjenner rådgjevaren til midtbanespelaren godt frå tidlegare, og slo raskt til då han fekk ein telefon om at Sæthre var interessert i å koma til Lysekloster no.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har sagt til Sæthre at han måtte ta kontakt om han ønskte seg tilbake til Bergen. No har me jobba intenst det siste døgnet, og han er speleklar for oss frå i morgon av, seier Sandal.
Tre Tippeliga-kampar
Sæthre har vore innom mange klubbar trass sin unge alder. Han gjekk på Toppidrettsgymnaset i Oslo og har spelt for klubbar som Ullern, Bærum, Lyn, Stabæk, Fyllingsdalen og no sist Førde. Han fekk tre Tippeligakamper for Stabæk. I Asker spelte han under tidlegare landslagsspelar Lars Bohinen, og markerte seg som ein av målskårarane då dei slo ut Strømsgodset frå NM i 2013.
Føler seg som ein fusing
Midtbanespelaren er frå Bergen, men han har nytt eit utal feriar og helgar i Fusa. Då «Os og Fusaposten» snakka med han i januar, sa han at han følte seg meir som ein fusing enn ein bergensar. No flyttar han heim til Fusa og skal spela fotball for Lysekloster.
Store ambisjonar
Det er ikkje noko å seia på ambisjonsnivået til Sæthre. Tippeliga-spel for Stabæk gav meirsmak, og målet er å vera tilbake i det gode selskap innan få år.
- Eg veit at eg er god nok til å spela i OBOS-ligaen, eller Tippeligaen. Av ulike grunnar let det seg ikkje gjera no. Om det skjer til neste år eller om to år, veit eg ikkje, men eg skal tilbake på det nivået, seier han.
- Kva tenkjer du om Lysekloster som klubb?
- Dei er hardtsatsande på alle måtar, og dei har ein god spelarstall. Eg vil samanlikna klubben med Stabæk, som starta langt nede i divisjonssystemet med ambisjonar om å koma seg til dei øvste nivåa i Noreg. Det klarte dei, og Lysekloster har kome eit steg på vegen dit. Eg ønskjer å vera med og byggja vidare på det, seier Sæthre og held fram:
- Det finst sikkert nokon som lurer på kvifor eg ikkje gjekk til Os. For all del, dei har fine menneske i klubben med stor fotballkunnskap, som Hassan El Fakiri og Lars Bakkerud, men Lysekloster er den leiiande klubben i lokalmiljøet per no. Dei kjempar i toppen av 3. divisjon, medan Os ligg i botn. Difor er det naturleg for meg å velja Lysekloster.