Stian Lunde jublar for sin første av to skåringar mot Vard Haugesund 2 i dag. Os vann 4-1 og tok sin femte siger på rad.
Stian Lunde jublar for sin første av to skåringar mot Vard Haugesund 2 i dag. Os vann 4-1 og tok sin femte siger på rad.

Held fram med å klatra på tabellen

Det var aldri noko tvil om kven som kom til å ta dei tre poenga på Kuventræ i dag. Os var betre enn Vard Haugesund 2 frå start til slutt.

Os har no fem sigrar på rad - og tatt femten av femten moglege poeng etter sommarpausen.

Etter at Os hadde trykka på for å få det første målet i 30 minutt, var det Vard Haugesund 2 som skåra først. Det var ein skikkeleg gåvepakke frå Os-keeper Andrew Todd, som gav vekk ballen til ein Vard Haugesund-spelar som kunne spasera ballen i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utlikninga kom før pause, og me blei vitne til nok ei billeg skåring på Kuventræ, der Sander Kvittingen var på rett stad til rett tid, og kunne trilla ballen i mål.

Bortelaget burde kanskje vore redusert til ti mann før pause, då Kvittingen blei tatt på veg igjennom, men dommaren gav merkeleg nok berre gult.

Iskald Lunde

Os heldt fram med å køyra kampen i andreomgang, og det gjekk ikkje lang tid før tok leiinga. Kvittingen avslutta, og ein Vard Haugesund-spelar redda med handa. Dommeren blåste straffe, og spørsmålet er om ikkje bortelaget også her var heldige som slapp unna raudt kort. Erik Kanestøm var sikker på krittmerket, og sendte Os i leiinga.

Kort tid etter snappa Stian Lunde ballen frå ein av bortelagets stopparar, og var iskald åleine med keeper. 3-1 til Os.

Så hadde bortelaget ein god periode, medan Os fall lågt i banen. Dei skapte nokre sjansar, men fekk ikkje uttelling. Det gjorde derimot Lunde, som putta sitt andre kort tid før slutt, og fastsette sluttresultatet til 4-1.