Heime hos verdsmeisteren
Gullet i VM i bogeskyting kom ikkje av seg sjølv. «Os og Fusaposten» vitja Per Ivar Pahlm for å høyra kva som ligg bak suksessen.
52-åringen, som gjorde søftelending av seg for seks år sidan, oppdaga sin lidenskap for langboge-skyting for berre fire år sidan.
- Eg var på villmarksmesse i Lillehamar. Der hadde dei stand med bogeskyting. Eg måtte prøva, og vart heilt forelska i sporten, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utkonkurrerte 40 deltakarar
Etter berre fire år i gamet kan han titulera seg som verdsmeister. Pahlm slo italienaren Marco Pontremolesi i finalen i 3D bueskyting. VM starta med 41 deltakarar, som gjekk rundt i markerte løyper i Terni i Italia, og skaut på gummidyr av ulik storleik, på ein avstand opp til 30 meter.
- Etter to innleiande rundar, og to semifinalar, vart det klart at eg og Pontremolesi hamna i finalen mot kvarandre, seier Pahlm.
Knuste heimefavoritten
Italienaren var favoritt, men Pahlm tok kommando frå start.
- Eg var eigentleg ikkje særleg nervøs. Eg tenkte at uansett kva som skjer, så har eg vunne. Eg håpa på 5. plass før me starta. Det målet hadde eg alt overgått med god margin, seier han.
I finalen skulle dei skyta på fire 3D-figurar. Nordmannen leia frå start til slutt.
- Eg kunne bomma på siste skyting, og likevel vinna, seier han.
Treffpunktet på dyret avgjer poengsummen, som på ein blink. Maks poengsum er elleve poeng. Pahlm fekk 10 poeng på siste skyting, og vann komfortabelt 36-23 samanlagt.
Har erfaring med Compound-boge
Villmarksmessa på Lillehamar var ikkje Pahlms første møte med ein boge. Tidleg på 90-talet var han også med i Bergen Bueskytterklubb, men då skaut han med Compound-boge.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg heldt ikkje på så lenge. Interessa var ikkje heilt til stades, samstundes som eg eg sleit med ei vond skulder, og ikkje hadde så mykje tid til overs, seier han.
Boge til 12.000 kroner
Compound er ein meir avansert boge, med blant anna sikte. Langboge, som Pahlm no tevlar med, har eit primitivt oppsett, som dei Robin Hood brukar, eller som dei heimelaga bogane ein leika med som barn. Men dei bogane Pahlm bruker er hakket meir solid.
- Kva koster ein slik boge?
- Eg har to. Den som eg brukte no i helga, kostar 12.000 kroner, seier han, og legg til at me kan få ein demonstrasjon.
Trenar kvar dag
Rett utanfor inngangsdøra har han laga til ein skytebane med 3D figurar av ulike dyr i boden.
- Her trenar eg ofte. Når eg ikkje er her, så tek eg turen til banen i Haugsdal, der Bergen Bueskyttarklubb har laga bane, seier den nybakte verdsmeisteren.
- Kor mykje tid brukar du på trening i løpet av ei veke?
- Eg prøver å få trent litt kvar dag. Nokre dagar skyt eg i 2-3 timar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fru verdsmeister
I det me skal ta nokre bilete, opplysar han om at det ikkje er lurt å stilla seg for nære.
- Pila går i om lag 200 kilometer i timen, så det er ikkje bra om du blir treft.
- Eg stolar på deg, du er trass alt verdsmeister.
Midt i fotoshooten kjem kona hans, Carmen, heim. Ho har gått tur med hundane.
- Korleis er det å ha ein verdsmeister som ektemann?
- Det er kjempekjekt, for då kan eg kalla meg fru verdsmeister, smiler ho.
- Rex (ein av schæferane deira journ.mrk) er verdsmeistar i å finna pilar. Han plar vera med meg til Haugsdal, og om eg bommar på målet, er han rask med å finna pila, seier Pahlm.
No ser den nybakte verdsmeisteren fram mot europameisterskapen i Slovenia neste år, før han skal prøva seg på eit nytt VM-gull i Paris 2017.