Jentelaget til EIL kunne jubla for andreplass i si pulje og plass  i A-sluttspelet.
Jentelaget til EIL kunne jubla for andreplass i si pulje og plass i A-sluttspelet.

Heilhjarta innsats

To lag frå Eikelandsfjorden kjempar vidare i Norway Cup, medan eitt lag er på veg heim.

For dei yngste, gutar 16 (2), brast cupdraumen i morgontimane i dag onsdag. Dei rauk ut av B-sluttspelet med eit 0-2-tap. Dette trass i heilhjarta innsats gjennom heile kampen. Dei er no på veg heimatt.

Dei eldste gutane i gutar 16 (1) vart puljevinnarar for andre år på rad og enda opp med plakett. Dei spelar sin første kamp i A-sluttspelet i kveld kl. 20.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentelaget fekk ein andreplass i si pulje og spelar sin første kamp i A-sluttspelet på Valle Hovin no kl 15.00.