Heidra for bronsemedaljen i VM
Sverre Lunde Pedersen har motteke Hordaland fylkeskommune si utmerking for særlege idrettsprestasjonar.
- De har lagt ned imponerande innsats, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho heidra 13 idrettsutøvarar, deriblant vår eigen Lunde Pedersen, med Hordaland fylkeskommune si utmerking for særlege idrettsprestasjonar. Dei 13 har teke medalje i store internasjonale konkuransar.
- Dette er ungdom som presterer på toppnivå. Det er kjekt å heidra dykk på fylkestinget, sa fylkesordføraren og overrekte blomster og eit bilete i Sveinung Iversen sin serie «Idrettsbilete».
Artikkelen held fram under annonsen.
Sverre Lunde Pedersen vart heidra for bronsemedaljen i VM i Calgary.
Hordaland fylkeskommune si utmerking av særlege idrettsprestasjonar heng svært høgt. Det er idrettsprestasjonen som kvalifiserer til utmerkinga. Kravet er medaljeplassering i verdsmeisterskap eller olympiske leikar. Verdsrekordar og siger i verdscupen samanlagt kvalifiserer også til fylkeskommunen si utmerking. Utøvarane må representere ein klubb frå Hordaland.
Hans Dankertsen, leiar i Fana IL, mottok prisen på vegner av Lunde Pedersen.