Os-herrane tapte 22-29 for Gloppen, men gjorde ein heiderleg innsats. Mestskårande for heimelaget vart Jørgen Wold.
Os-herrane tapte 22-29 for Gloppen, men gjorde ein heiderleg innsats. Mestskårande for heimelaget vart Jørgen Wold.

Heiderleg innsats med ungt mannskap

- I lys av alle me mangla gjekk dette ganske bra, seier Os-kaptein Trygve Lerch Dahl om heimekampen mot Gloppen laurdag.

Føresetnadene var langt frå dei beste då Os-herrane tok imot Gloppen i Oshallen laurdag ettermiddag. Fleire av dei rutinerte spelarane hadde av ulike grunnar ikkje høve til å spela kampen. I tillegg måtte trenar Kenneth Husebø melda pass grunna sjukdom.

- Det var litt på halv åtte heile greiene. Eg var sjuk sjølv også, men då me mangla så mange spelarar, heiv eg i meg nokre paracept og melde meg til innsats, fortel kaptein Trygve Lerch Dahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok tak

Dei mest rutinerte som glimra med sitt fråvær var Joachim Nøkleby og Ove Lyssand. Spelarar med stor rutine.

- Me mister litt "tung" rutine når dei ikkje er med. Spesielt Ove, skjemtar Lerch Dahl.

Heller ikkje store, sterke Nils Andris Hamre kunne vera med.

Trygve Lerch Dahl, Fredrik Andresen og keeper Hans Brunvatne heldt bra stand mot sterke Gloppen laurdag.
Trygve Lerch Dahl, Fredrik Andresen og keeper Hans Brunvatne heldt bra stand mot sterke Gloppen laurdag.

- Alt i alt stilte me nokre kilo fattigare. Slikt merker ein spesielt i forsvar, seier Lerch Dahl.

Men osingane følgde overraskande bra med. Til pause låg dei berre under med to mål (12-14).

- Eg synest dei unge verkeleg tok tak. I fjor haust vart me grisebanka av Gloppen. Denne gongen gav me dei faktsisk litt motstand, fortel Os-kapteinen.

Utover i andre omgang drog gjestene meir frå, men det vart aldri rein overkøyring.

- Eg synest me skal vera nøgde med det me presterte i denne kampen. Hans Brunvatne og Einar Godø stod kvar sin omgang i mål, og hadde kvar si omgang som lagleiarar. Elles vart det godt med speletid for våre yngre spelarar. Dei treng all den erfaringa dei kan få, seier Lerch Dahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimekamp

Os-herrane starta årets sesong i 3. divisjon med bortesiger over BSI (31-26) sist veke. I morgon (onsdag) er det klart for ny heimekamp. Denne gongen mot Gneist, og Os-herrane stiller forhåpentlegvis med tilnærma fullt mannskap.

- Etter det eg har høyrt er dei fleste klare for innsats igjen. Sidan i fjor har me mista Joakim Blostrupmoen og Isak Røen, men elles har me eit bra mannskap når alle er med. Me har absolutt gode sjanser til å slå Gneist, meiner Lerch Dalh.

Sjå tabell her:

Os-damene vann

Også Os-damene var i aksjon i helga. Etter seksmålstapet borte mot Sotra sist helg var det ein revansjesugen gjeng som entra parketten i Oshallen. Heime mot Fana vart det etter kvart ein komfortabel åttemålssiger (26-18) mot Fana.

Neste kamp for dei gul-svarte er borte mot Stord tysdag 13. oktober.

Sjå tabell her: