Både Bjarte Haugsdal og hans nye lagkamerat Ståle Steen Sæthre har trua på at Nest-Sotra skal kunna vera med og kjempa om opprykk til 1. divisjon denne sesongen.
Både Bjarte Haugsdal og hans nye lagkamerat Ståle Steen Sæthre har trua på at Nest-Sotra skal kunna vera med og kjempa om opprykk til 1. divisjon denne sesongen.

Haugsdal og Sæthre i lag att i Nest-Sotra

Sist dei spelte for same klubb var dei i A-stallen til Stabæk. I år skal Bjarte Haugsdal og Ståle Steen Sæthre kjempa om opprykk med Nest-Sotra.

– Me var veldig nære å rykkja opp i fjor, men bortetapet for Florø øydela dessverre alt, seier Bjarte Haugsdal.

27-åringen frå Os er i gang med sin fjerde sesong for sotraklubben. Han føler årets mannskap er svært solid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit godt mannskap. Ingen tvil om det. Men det er det dessverre fleire andre lag i avdelinga som også har. Bryne og Hødd vert nok blant våre største utfordrarar, seier unggtuen, som etter kvart kan byrja å kalla seg for veteran.

– Hehe, jaudå, eg har vore med nokre år no. Med tida i Brann og Stabæk, samt tre-fire år her i Nest-Sotra byrjar eg å bli ein erfaren mann, vedgår osingen.

Midtstoppar

Hans gode erfaring er kanskje også grunnen til at han i år ser ut til å bli nytta som midtstoppar.

– Det er der trenar Landro (Steffen) har plassert meg så langt i oppkøyringa. Eg trur han vil han ein erfaren mann i midten, og for meg er det heilt greitt å spela der. Men eg spelar også gjerne back, eller kant om det skulle vera behov.

– Angripar er det vel nokre år sidan du var?

– Ja, det vel mest i Brann og første året i Stabæk, men eg spelte litt kant i fjor. Det hender eg må fram på banen og visa unggutane korleis det skal gjerast, humrar 27-åringen.

Herleg miljø

Med fleire års erfaring frå eliteserien og Obos-ligaen kan det for utanforståande verka underleg at Bjarte, midt i sin beste aldar, framleis spelar i 2. divisjon. Sjølv forklarer han det slik:

– Den viktigaste årsaka til at eg er i Nest-Sotra er at det rett og slett er eit herleg miljø i laget og i klubben som sådan. Dessutan har klubben ein forkjærleik for god angrepsfotball og dyrkar denne til fulle, i staden for å utelukkande jobba for å øydeleggja for mostandarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men du skulle gjerne spelt på høgare nivå?

– Eg gjer det i alle høve gjerne med Nest-Sotra. Om alt klaffar for oss i år, trur eg me vil vera blant dei tre-fire laga som kjempar om opprykk til 1. divisjon, seier tobornsfaren.

– Du bur framleis i Os?

– Jaudå, me bur på Lekven og trivst med det.

– Litt lange turar til trening på Ågotnes?

– Det går greitt. Dessutan trenar me ein del i Vestlandshallen no vinterstid. Dit er det kortare, smiler Bjarte.

Entusiastisk spelar

Sist helg spelte Bjarte og Nest-Sotra treningskamp på Kuventræ. Motstandar var Vard-Haugesund. Kampen enda med 1-2-tap.

– Det var dårleg, men det var eit ufortjent tap. Me var langt betre, seier Bjarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans nye lagkamerat, fusingen Ståle Steen Sæthre, stemmer i:

– Det var eit ran. Me hadde alt av spelet, men var litt uheldige ved eit par tilfelle bakover.

– Framover då?

– Jaudå, eg skulle hatt eit mål i dag. Eg skåra to mot Sotra her forleden, men i dag ville ikkje ballen i mål, sa Sæthre då me prata med gutane etter kampen.

– Kva synest du om din nye lagkamerat, Bjarte?

– Han er absolutt eit fint tilskot til laget vårt. Både som person og på banen er han svært dedikert og entusiastisk. Slikt bruker å vera smittsamt og kan bidra til å få ut mykje positiv energi.

– Du spelte med Ståle også i Stabæk, ikkje sant?

– Jaudå. Han var der då eg kom i 2011, men eg vart ikkje så godt kjent med han den gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men no er de to viljesterke karar som skal hjelpa Sotras stoltheit tilbake til Obos-ligaen?

– Me skal i alle høve gjera vårt beste, avsluttar Bjarte og Ståle.