Hassan om Os´ forvandling: - Ein blanding av mange faktorar
Etter 1-0 sigeren over Brodd i helga, står Os med 18 poeng på seks kampar etter ferien. I vår klarte dei berre ti på 13 kampar.
Os-trenar Hassan El Fakiri fortel at det er mange faktorar som spelar inn i snuoperasjonen frå i vår då, nedrykksspøkelse hang over laget.
- Me har fått tilbake eit par spelarar som sleit med skadar i vår. Me har også hatt meir fokus på den defansive strukturen i laget. Me er meir samla og kompakt, slik at me ikkje er spreidd utover når me tapar ballen, seier El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ikkje ta æra
Spelarane som kom inn i sommar, har funne seg raskt til rette, og får skryt av trenaren. El Fakiri har også valt å snøra på seg fotballskoa att, men han vil ikkje ta ære for dei gode resultata.
- Eg skal ikkje ta noko av æra. Dei nye spelarane har levert sakane sine bra. Torkel har vore viktig etter at han kom tilbake frå skadeavbrekket, og Endre, som var ute med skade i lang tid før han kom var på banen igjen i vår, har funne formen. Om det er noko eg bidreg med, så er det prating og kommunikasjon, som kanksje skapar litt tryggleik i laget. Dei gode resultata er ein blanding av mange faktorar, seier han.
Rota bort opprykkssjansen i vår
Då me snakka med Os-trenaren etter at dei hadde vunnet eit par kampar tidlegare i sommar, var målet å halda seg i 3. divisjon. Etter seks strake sigrar er målet uendra, og El Fakiri trur dei må plukka ein del poeng for å sikra 3. divisjonstilværelsen.
- Me har ikkje sjans til å rykka opp. Det rota me bort i vår. Tre sigrar til, tippar eg at er nok til at me held oss i 3. divisjon, men ein veit aldri, seier El Fakiri.
Krigekamp
Laurdag møtte Os eit Brodd lag, som trengte poeng for å halda kontakt med laga framfor. Det fekk Os-spelarane merka på kroppen.
- Me forventa ein krigekamp, og det fekk me. Det var nokre etterslengar og mykje armbruk. Me gjorde ein solid defansiv kamp, og etter kvart skapte me også litt sjansar, seier El Fakiri, som er nøgd med gjennomføringa.
- Me er mykje betre enn i vår, men me har framleis litt å gå på.