Har kjempa seg inn i OL-troppen etter skrekkskaden. Fekk gladmeldinga måndag
Sverre Lunde Pedersen fekk gladmeldinga måndag.
Olympiatoppen tok måndag ut den første gruppa med 47 utøvarar til OL i Beijing.
– Dei som er tatt ut no er dei klaraste kandidatane, samt dei som har behov for å få beskjed tidleg, seier toppidrettssjef Tore Øvrebø.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi er trygge på at alle desse utøvarane er på det prestasjonsnivået som er forventa i OL.
Mellom dei 47 er altså Sverre Lunde Pedersen som er tilbake etter sykkelulukka som gjorde at han var sengeliggjande så seint som i juli.
– Dette er kanskje noko av det største eg har gjort på skøytebanen. Tusen takk til alle som har støtta og hjelpt meg, skriv Sverre sjølv på Facebook.