Henrik Mjelva (17) har vore innom mange klubbar trass sin unge alder. No satsar han på å bli A-lags-keeper på Bodø/Glimt.
Henrik Mjelva (17) har vore innom mange klubbar trass sin unge alder. No satsar han på å bli A-lags-keeper på Bodø/Glimt.

Har funne seg til rette i ny klubb

- Sett bort frå at eg er blitt nordlending, så går det ekstremt bra, ler Henrik Mjelva.

For om lag ein månad sidan reiste keeper-talentet til Bodø for å bli Bodø/Glimt-spelar, og gå på skule.

- Eg trivst som sagt veldig bra. Den einaste haka må vera at det ikkje alltid er like lett å forstå kva dei seier, og dei forstår ikkje alltid meg, seier Mjelva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Signerte amatørkontrakt

Søftelendingen har signert amatørkontrakt med klubben, og spelar kampar for andrelaget som tevlar i 3. divisjon, medan han veklsar på å trena med rekruttlaget og A-laget. Trass sin unge alder, har 17-åringen vore innom klubbar som Strømsgodset og Haugesund før han reiste vidare til Bodø. Den siste tida har han spelt for Djerv 1919 i 4. disivjon.

Bodø/Glimt skårar høgt

Den nye klubben skårar høgt når Mjelva samanliknar han med sine tidlegare klubbar.

- Bodø/Glimt er det beste A-laget eg har trent med. Dei er betre enn A-laget til Haugesund, og i "godset" trena eg med rekruttane. Dei held til i 2. divisjon, så når det gjeld rekruttlag, er nok Bodø/Glimt eit steg ned, sidan me er i 3. divisjon, seier Mjelva.

Det unge keepertalantet frå Søfteland, vil trekkja fram Lysekloster som den klubben han skuldar mest for sin utvikling som keeper. Det til trass for at han berre var Lysekloster-spelar i eit halvt år.
Det unge keepertalantet frå Søfteland, vil trekkja fram Lysekloster som den klubben han skuldar mest for sin utvikling som keeper. Det til trass for at han berre var Lysekloster-spelar i eit halvt år.
Mjelva håpar å stå fast i mål på Aspmyra i åra som kjem.
Mjelva håpar å stå fast i mål på Aspmyra i åra som kjem.

Store ambisjonar

Men det unge keeper-talentet har ikkje ambisjonar om å bli verande på rekruttlaget i lang tid.

- Eg har fått gode tilbakemeldingar frå trenarane, og dei seier at dei ikkje ville ha henta meg om dei ikkje hadde stor tru på meg. Dei ser føre seg at eg er A-lags-keeper innan eit par år, seier han.

Søftelendingen fortel at han skal jobba steinhardt gjennom vinteren, i håp om å sikra seg ein proffkontrakt før neste sesong.

- Eg har ikkje hastverk. Eg er trass alt berre 17 år, men eg set delmål undervegs, for å ha noko å jobba mot, seier Mjelva.

Eit anna delmål er å få koma inn på eit U-landslag innan eit og eit halvt år, men det er ikkje alfa og omega.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er så mange gode, unge fotballspelarar der ute, og det er ikkje alle som er innom U-landslag før dei blir kalla opp til A-landslaget. Claus Lundekvam blei ikkje tatt ut på U-landslag, men han blei ein legende på landslaget, seier Mjelva.

Mykje fotball i veggene

Apropos landslagsspelarar. Klubben har fiksa bustad til keeper-talentet. No bur han 100 meter frå Aspmyra, og 100 meter frå skulen. I etasjen over han bur Alexander Sørloth, son av Gøran Søtloth.

- Leilegheita blei ledig då to amerikanarar, som var Bodø/Glimt-spelarar, reiste heim att. Det har budd mange gode fotballspelarar i dette bygget, og leilegheita ligg heilt perfekt plassert i forhold til skulen og Aspmyra, seier Mjelva.

Takksam til Lysekloster

Mjelva var Søfteland-spelar heilt til han var 14 år, før han gjekk vidare til Os. Der var han i to år, før ferda gjekk vidare til Lysekloster. Det blei med eit halvt år for munkane, før han reiste til Haugesund. Likevel er det Lysekloster han snakkar varmast om, og føler han skulder mest for utviklinga han har hatt.

- Eg saknar alt ved den klubben eigentleg. Alt frå treningskulturen, miljøet og menneska. Eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan Lysekloster. Det er dei eg skuldar mest, seier han.