Håpar det går som i fjor haust
I fjor haust slo dei Fana 2, Kjøkkelvik og Gneist. Gjentek Os-damene den prestasjonen er 2. divisjonsplassen sikra.
Os-damene går nokre tøffe dagar i møte. Søndag er det lokal-derby mot Fana 2 i Slåtthaughallen. Dagen etter er det bortekamp mot Kjøkkelvik.
- Ja, det blir spennande å sjå kvar me står etter dei kampane. No ligg me på den utsette åttandeplassen i avdelinga. I løpet av dei tre siste kampane håpar me sjølvsagt å koma oss opp på sjuandeplass og trygg grunn, seier strekspelar, Emilie Hjertnes Halhjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fana 2 har tøffare program
Os-veteranen håpar laget gjer som dei gjorde i fjor haust.
- Me slo vel alle laga me har igjen no i fjor haust. Gjentek med den bedrifta er 2. divisjonskontrakten sikra, seier Emilie.
Første hinder er altså Fana 2.
- Det er ein nøkkelkamp som me bør vinna. Gjer me det har me overtaket i kampen om å sikra plassen, seier Emilie.
Nett no ligg Os á poeng med Fana 2 på tabellen, men søndagens motstandar har eit noko tøffare program igjen.
- Dei har i alle høve til gode å møta Fyllingen. Der vil dei nok slita med å ta poeng, trur Emilie.
- Det me håpar på er å vinna både på søndag og måndag. Gjer me det er plassen kanskje sikra før avslutningsrunden i Sotra Arena laurdag 2. april, legg ho til.
To av tre kan vera nok
For ordens skuld: Os-damenes motstandar i avslutningskampen er også overkomeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me møter Gneist. Dei har me bra sjanse til å slå. Me bør i alle høve vinna to av dei tre siste. Gjer me det, er me i 2. divisjon også neste år, seier Emilie.