Handball-thriller enda med hårfint tap

Bortelaget vann med eitt mål over herrelaget til Os handball. - Me har ingen andre å skulda på enn oss sjølve, seier trenar Kenneth Husebø.

Os som trona øvst på tabellen møtte tabelltoar NHHI i Oshallen i kveld, og motstandarane var akkurat så sterke som frykta. På førehand var det spådd at dette vart den kanskje tøffaste kampen herrelaget måtte gjennomgå i løpet av hausten.

NHHI styrte første omgang

NHHI sette tonen med 2-0 mot Os. Deretter begynte Arne Veim Haugland å setta inn det eine målet etter det andre. Han skåra heile 11 mål i løpet av kampen, fleire enn nokon annan. Men i første omgang gjorde Handelshøgskulen sitt lag stadige kontringar, og gjekk på eit tidspunkt opp i ei leiing med tre mål. Nils Hamre viste fram skotarmen ved å setja to solide straffekast i buret. Ei viktig redning av Os-målvakten då det stod 10-13 til bortelaget, førte til fornya tempo på slutten av omgangen, og Os henta inn att to mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Intens andreomgang

Med 12-13 til pause, vart intensiteten skrudd opp eit par hakk frå start av andre omgang. Os-herrane gjekk på med fornya sjølvtillit, og hadde fleire fine kombinasjonar som tok NHHI på senga. Aggresjonsnivået auka, og fleire stygge taklingar følgde. Patrick Holtekjølen fekk tildelt rolla som permanent frimerke på toppskårar Arne Veim Haugland, og denne vart fleire gonger hindra frå å koma til avslutning på slutten av kampen. Berre to minutt før kampen var slutt, stod dei 26-26. To målsjansar enda ikkje godt for heimelaget, og NHHI sette eit siste mål som aldri vart hemna. 

 

Små marginar og tekniske feil

- Det var høgt tempo i kampen, og me har overtaket i midtperioden og ut over andre omgangen. Men så gjer me nokre tekniske feil på slutten av kampen som gjer at me ikkje utliknar. Me har nok berre oss sjølv å takka. Slik er det i handballen - små marginar, seier trenar Kenneth Husebø. 

Arne Veim Haugland skåra heile 11 mål.
Arne Veim Haugland skåra heile 11 mål.
Supporterane var det ingenting å seia på - heia Ooos!
Supporterane var det ingenting å seia på - heia Ooos!

Laget var også litt sårbart på innbytarbenken, og sakna også Trygve Dahl.