Halvparten av samanlagtvinnarane frå Hålandsdal IL
Eirik Hjartnes, Otto Femsteinevik, Katarina Aarseth og Erlend Solvang vart alle samanlagtvinnarar i sin klasse i årets Gladlaks-cup i skiskyting. Det betyr at fire av åtte vinnarar kjem frå Hålandsdal IL.
I helga gjekk siste runde i cupen av stabelen på Bygdastølen i Fusa. Laurdag var det normalprogram. Sundag sprint.
Av samanlagtvinnarane var Katarina Aarseth den som gjorde det skarpast i konkurransane på Bygdastølen. Aarseth vann klassen sin, J16, både laurdag og sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag fullførte ho normalprogrammet på 18,34 minutt. Eitt minutt og 28 sekund framføre andrejente Eirin Tufteland frå Kvam langrenn- og skiskyttarklubb. Sundag fullførte Aarseth løpet sitt på 16,08 minutt, 2,48 framføre Tufteland. 16-åringen skaut éin bom på sisterunden begge dagane.
Otto Femsteinevik (G15) vann også klassen sin begge dagane. 15-åringen skaut til liks med Aarseth éin bom på andrerunden i normalprogrammet. I sprinten vart det rett nok fire bom på førsterunden og éin bom i runde to. Det heldt likevel til førsteplass, eitt minutt og 29 sekund framføre Hans Tvilde frå Voss Skiskytterlag.
Øvst på pallen
For Erlend Solvang (G16) vart det éin førsteplass og éin andreplass i helga. På sprinten hamna han øvst på pallen med to bom i første runde og god fart i sporet. Solvang passerte målstreken etter 15,55 minutt. Eitt minutt og åtte sekund framføre lagkamerat Håvard Heie Bjørndal. Laurdag vart det fem bom på Solvang, og i sporet hamna han 17 sekund bak vinnar Marius Årestrup Larsen frå Vik IL.
Den siste av samanlagtvinnarane, Eirik Hjartnes, konkurrerer i klasse G14. Laurdag var han raskast i sporet av dei seks deltakarane i klassen. Hjartnes fullførte løpet med to bomskot og tida 14,46 minutt. Dermed kom han i mål to minutt og 14 sekund framføre andremann, Anders Aalvik Stranden frå Kvam langrenn- og skiskyttarklubb.
Sundag vart det diverre seks strafferundar på Hjartnes. Han var likevel berre 23 og 13 sekund bak Thomas Vethe frå Voss Skiskytterlag og Anders Aalvik Stranden frå Kvam LSK på første- og andreplass.
Meir enn 100 deltakarar
Laurdag fullførte vel hundre deltakarar normalprogrammet. Forutan innsatsen til samanlagtvinnarane over, vart Sarah Øygard Eide klassevinnar i J11 og Anders Rød i G12. Martin Femsteinevik stakk av med sigeren i M senior. Det same gjorde Heidi Berlandstveit i K senior. Ragnhild Femsteinevik og Bjarte Solvang kom på andreplass i høvesvis K20-21 og M senior, medan Solveig Eikeland Gjøen vart nummer to i J12. Øyvind Henanger Halvorsen og Håvard Heie Bjørndal sikra seg tredjeplassar i G14 og G16. 23 nybyrjarar stilte til start i normalprogrammet.
På sprinten deltok 114 utøvarar, av desse 22 nybyrjarar. Kristi Skjelbreid Gjelland og Solveig Eikeland Gjøen skaut feilfritt i J12. Lagveninnene passerte målstreken etter høvesvis 8,17 og 8,51 minutt, og sikra seg dermed første- og andreplass. Anders Rød stakk av med sigeren i G12 denne dagen også. Førsteplass vart det også på Hedda Singelstad Kåsa i J14, Ragnhild Femsteinevik i K20-21 og Bjarte Solvang i M senior.
Sarah Øygard Eide, Håvard Heie Bjørndal, Martin Femsteinevik og Heidi Berlandstveit kom på andreplass i sine klassar, medan Kristoffer Haugse Rød, Tina Hjelm Hatletveit, Maria Haugse Rød og Ingvild Berlandstveit sikra seg tredjeplassar blant konkurrentane i sine klassar.