Gru-gler seg til LÅMØ
Mor og far har delteke i eit utal symjestemne opp gjennom åra. Til helga debuterer Emil Austevoll Harlem i LÅMØ
10-åringen har delteke på mindre symjestemne før, men LÅMØ (Landsdel årsklassemønstring)-stemnet i Stavanger vert noko ganske anna for ungguten.
- Eg gler meg veldig. Eller det vil seia. Eg gru-gler meg. Eg ser fram til å konkurrera, men eg har også ein del sommarfuglar i magen, seier Emil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han gler seg mest til å symja 200 meter medley.
- Det er fordi eg er bra flink på alle disiplinane, seier han.
Pappa og trenar Thomas Harlem trur sonen kan gjera det bra også på 400 meter fri.
- Med ein personleg rekord på 6,20 er han ranka blant dei beste på Vestlandet i sin årsklasse på denne distansen. Men i Stavanger håpar me på ny pers. Uoffisielt har han nemleg sumt på 6,08 her på trening, smiler ein optimistisk pappa Harlem.
For sonen er det ekstra stas å få konkurrera i svømmehallen der pappa Thomas nærast vaks opp.
- Det er jo der pappa trena seg opp til å bli så god som han var, seier Emil.
Med seg på turen får han også mamma Elin Austevoll.
- Me bruker begge å vera med på slike stemne. Spesielt når ein av våre eigne skal i aksjon, seier pappa Harlem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre Os-svømmarar klare
Totalt tre symjarar frå Os Svømmeklubb er klare for det landsomfattande LÅMØ-stemnet i Stavanger. Tracey Holm og Emma Skarstein Kjetland var ikkje på symjetreninga måndag.
- Det er allsidige jenter. I dag måtte dei prioritera handballen. Dei fleste av medlemene våre driver også med andre idrettar. Det er noko me ser svært positivt på, seier Harlem.
Han har følgjande å seia om Tracey og Emma:
- Begge er to er veldig treningsvillige og talentfulle symjarar. I lag med Emil vil dei heilt sikkert gjera ein god figur i LÅMØ.
«Os og Fusaposten» tok likegodt turen til hanballtreninga i Nore Neset-hallen for å høyra med jentene kva dei tenkte om den føreståande LÅMØ-konkurransen.
- Me gler oss veldig til å delta. Men det blir sikkert kjempetungt, seier Emma og Tracey.
Emma ser mest fram til å symja 200 meter bryst. Tracey har 400 meter fri som favorittdistanse.
- 400 meter fri er tyngst, seier Emma.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, 200 meter rygg er mykje verre. Det er tungt det, ler Tracey.
Samanlagt-tevling
LÅMØ er ei landsomfattande symjemønstring som går av stabelen ein gong i året. I år er det for symjarar fødd mellom 2000 og 2005. Runden som går i Stavanger symjehall er for utøvarar i Vest-Noreg.
- For å kvalifisera seg må ein meistra fire øvingar. I klassen for 2005-symjarar, der Emil skal konkurrera, er det 50 m butterfly, 100 m rygg, 100 bryst, 200 medley og 400 m fri. I klassen for 2004-symjarar, der Tracey og Emma skal konkurrera, er det 100 m butterfly, 200 bryst, 200 m rygg, 200 m medley og 400 m fri som står på programmet, fortel trenar Harlem.
På stemnet handlar det i hovudsak om å få best mogleg samanlagtresultat.
- Dette er altså eit stemne der ein ønskjer å sjå alsidige symjarar som meistrer alle dei fire disiplinane. Eg trur dei tre utøvarane våre kjem til å klara seg bra, og få seg nokre gode opplevingar, seier Harlem.
Tøffe treningar
I Os Svømmeklubb er dei per dags dato kring 25 symjarar. Blant desse er 12 stykk i A-gruppa, altså såkalla aktive symjarar som deltek i konkurransar.
- Me har berre tre faste treningar i veka, men til gjengjeld er det bra trøkk når me er samla. Me lærer borna å tola å trena hardt ein gong i blant. Det vener dei seg faktisk fort til, smiler Harlem, før han kjapt legg til:
- Men for all del - Hovudfokuset i klubben er at me har eit godt miljø og at me legg til rette for morosame treningar der ein lærer basisen for dei ulike symje-disiplinane, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- De har ikkje så mange eldre symjarar. Er Os Symjeklubb ein slags farmer-klubb for dei større i Bergen?
- Ja, det kan du godt seia. Me følgjer medlemene våre opp så godt me kan, men når dei må trena oftare og tøffare for å nå måla, så må dei gjerne skifta til andre klubbar, slik som Ariel Braathen, Tom André Moberg og Sebastian Braathen har gjort dei siste åra. Dette er heilt ukomplisert for oss. Me gler oss over framgangen dei har i sine nye klubbar og synest det er stas når dei kjem og besøker oss på treningane våre ein gong i blant, seier Harlem.
- Det krevst ein god del meir trening om ein skal hevda seg oppover i årsklassane?
- Ja, det er heilt sikkert. Ein utviklar seg fort dei første åra, men skal ein vidare frå det, så kostar det blod, sveitte og mykje, mykje trening. Dei fleste opplever at det kan stå stille i perioder, men dersom ein har gode treningsvanar og stå-på-vilje, ja, då kan ein koma langt, slår symjetrenaren fast.