Etter at Øystese 2 mista tre poeng, er det Eikelandsfjorden som rykkjer opp på betre målforskjell enn Rosendal. (Arkiv
Etter at Øystese 2 mista tre poeng, er det Eikelandsfjorden som rykkjer opp på betre målforskjell enn Rosendal. (Arkiv

Gratulerer med opprykket, Eikelandsfjorden!

No er det klart - Eikelandsfjorden er klare for 5. divisjon.

- Det var kjekt at rettferda sigra. Øystese skal også ha ros for at dei sjølv oppdaga feilen dei hadde gjort, og sa i frå om det. Neste helg skulle me ha fotballfest. No vert det fotball- og opprykksfest i eitt, seier Eikelandsfjorden-trenar Knut Hjertnes.

Pågått lenge

Sist veke skreiv me om at Eikelandsfjordens kvalifiseringskamp blei utsett grunnaein klage på Øystese. Eikelandsfjorden, Rosendal og Hordabø/Radøy/Manger 2 (HRM 2) meinte at Øystese 2 hadde brukt ein spelar som ikkje var speleberettiga i eit oppgjer mot HRM 2, og klaga til kretsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Denne saka har pågått veldig lenge. Me synest det var dumt at kvalifiseringa blei utsett sist helg, for me var veldig klare for den kampen. Men no er me uansett klare for opprykk, seier Hjertnes.

Håpar på lokaloppgjer neste sesong

Øystese blir fråteken tre poeng, noko som gjer at Eikelandsfjorden blei avdelingsvinnarar framfor Rosendal, som tek over kvalifiseringsplassen. I følgje lokalavisa i Kvinnherad, Grenda, skal leiar i Øystese Fotball, Jarle Ystebø, ha ringt til Rosendal-trenar Håvard Sætrevik og fortalt atdei sjølv har oppdaga at dei har gjort ein feil. Beskjeden er formidla til kretsen, og Øystese 2 får ikkje rykkja opp.

- Både me og Rosendal hamna på 42 poeng. Etter at Øystese mista tre poeng, landa dei på 40. Det var veldig jamt i år, og det er då det er kjekt. Storsigeren i siste runde gjorde at me vann på betre målforskjell enn Rosendal, seier Hjertens, som har nokre håp for neste sesong.

- No satsar me på at me får koma i avdeling med Nore Neset og Søfteland. Det er desse lokaloppgjera som er dei klart kjekkaste, så det må kretsen få til.