Arne Hadler-Olsen, Erling Øyasæter og resten av gutane i den norske dobbeltfiraren i U23-VM vann C-finalen torsdag.
Arne Hadler-Olsen, Erling Øyasæter og resten av gutane i den norske dobbeltfiraren i U23-VM vann C-finalen torsdag.

- Godt å få avslutta med eit slikt løp

Arne Hadler-Olsen, Erling Øyasæter og resten av gutane i Noregs dobbeltfirar imponerte i C-finalen.

Torsdag rodde Arne Hadler-Olsen, Erling Øyasæter og deira to lagkameratar Jørgen Mjøs Nilsson og Adrian Lindgren C-finale i U23-VM i Rotterdam.

Den norske kvartetten gjekk bra ut frå start. Latvia leidde og hadde Noreg 1,42 sek bak ved passering 500 m, men så starta låra til latviarane så smått å stivna, og den norske dobbeltfiraren åt opp forspranget bit for bit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøgde gutar

Ved passering 1.000 m var Noreg berre eitt tidel bak den latviske båten.

På dei neste 1.000 metrane var det inga tvil. Det norske laget var klart sterkast og tok ein overbevisande siger.

Slutt-tida vart 05,59,64. Dette er ei såpass sterk tid at det ville plassert dei framfor Irland i B-finalen.

- Me er knallnøgde med denne finalen. Me fekk ned skuldrene og rodde avslappa og fint, slik ein bør gjera, seier Arne.

- I dei føregåande heata hadde me ein tendens til å lata oss stressa for mykje av dei andre båtane. Det var godt å få avslutta med eit verkeleg godt løp, seier Erling.

Dei meiner tida hadde halde til ein femteplass i B-finalen.

- Det er alltid farleg å samanlikna slik. Det er jo ulike tilhøve i kvar finale, men det gjev i alle høve ein indikasjon på at me kunne nådd ein semifinale om me hadde fått til eit slikt løp tidlegare i meisterskapen, seier Arne.

NM-førebuing

Om ein månad er gutane klare for NM i Sarpsborg. Då skal dei gjera opp med makkarane sine frå VM-båten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir knallartig. Då skal Arne og eg ro dobbeltsculler mot Jørgen og Adrian. Det blir spennande.

- Kven vinn då?

- Det blir oss, svarar Erling og Arne kontant.