Tommy Aasen er leiar for Redd Barna Cup. Her er han saman med Karoline Sørstrønen på fjorårets cup. I år skal ungdom i Øyane nok ein gong samla inn pengar til Redd Barna.
Tommy Aasen er leiar for Redd Barna Cup. Her er han saman med Karoline Sørstrønen på fjorårets cup. I år skal ungdom i Øyane nok ein gong samla inn pengar til Redd Barna.

Godhjarta ungdom vil utgjera ein forskjell

I år er det tredje året på rad at ungdom i Øyane arrangerer fotballcup til inntekt for Redd Barna.

- Dagen handlar om å utgjera ein forskjell, om å ha det kjekt saman, og samstundes samla inn mest mogleg pengar til eit prosjekt som me brenn sterkt for, nemleg Redd Barna, seier leiar Tommy Aasen.

Ikkje berre ein fotballcup

Redd Barna er ein internasjonal organisasjon som arbeider for borns rettar, både langsiktig og ved behov for naudhjelp. For å støtta opp under arbeidet til Redd Barna, ønskjer ungdomane i Øyane, i samarbeid med Øyglimt IL, å arrangera Redd Barna Cup 2015 på Søre Øyane Skule. Cupen vert omtala som ein fotballcup, men det er skjer mykje anna spanande ved Søre Øyane skule laurdag 22. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I tillegg til fotballcup for store og små, vert det også sandvolleyball-turnering for dei vaksne. Det vert også underhaldning og aktivitetar for dei små, som hoppeslott, spanande kos i "Besto sitt hjørna" og konkurransar, seier Aasen.

Unik fotballskule

Det er mange fotballrelaterte opplegg i Os i sommar, men cupen i Øyane skil seg ut med tanke på innhald og føremål. Det er ungdomar som står bak, og arrangementet er mynta på heile familien.

- Redd Barna Fotballcup vert arrangert som ein familiedag, med underhaldning for store og små. På toppen av det heile går alle inntektene uavkorta til Redd Barna, seier Aasen.