Matilde Ottesen Hustad, Eivind Vevatne, Marius Ottesen Hustad og Håvard Jacobsen Askvik. (Alle
Matilde Ottesen Hustad, Eivind Vevatne, Marius Ottesen Hustad og Håvard Jacobsen Askvik. (Alle

God generalprøve i Sarpsborg

Førre helg gjorde dei ein flott innsats på Tunevannregattaen i Sarpsborg. Til helga viser ungdomane i Os Roklubb seg fram på heimebane.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

16 utøvarar frå Os Roklubb var i aksjon i Tunevannregattaen i Sarpsborg førre helg. Mange av dei reiste heim igjen med medalje og gode resultat.

Det gjekk i eitt frå laurdag morgon til søndag ettermiddag. Klubben har fleire unge roarar som gjorde det bra. Mellom anna Anders Solstrand Ludvigsen og Espen Sørstrømmen Hauge, som deltok i open klasse. Matilde Ottesen Hustad er også nybyrjar. I helga deltok ho i DJD-klassen der ho gjorde det bra, fortel Hanne Haaland Hillestad i Os Roklubb.

Også to av dei yngste i klubben deltok i Sarpsborg.

Lars Moberg Haukeland og Espen Hauge Sørstrømmen gjer seg klar for innsats.
Lars Moberg Haukeland og Espen Hauge Sørstrømmen gjer seg klar for innsats.
Oddbjørn Gjerde, Fridjof Øyasæter, Erling Øyasæter og Mattias Haugland.
Oddbjørn Gjerde, Fridjof Øyasæter, Erling Øyasæter og Mattias Haugland.
Håvard Jacobsen Askvik, Johannes Klyve Forsbø, Mikael Ottesen Hustad og Lars Eirik Vevatne.
Håvard Jacobsen Askvik, Johannes Klyve Forsbø, Mikael Ottesen Hustad og Lars Eirik Vevatne.

- Eivind Vevatne og Marius Ottesen Hustad rodde kjempeflott, så desse gutane vert spennande å følgja vidare, seier Hillestad.

Fleire medaljar

Junior D-gutan Mikael Ottesen Hustad, Johannes Klyve Forsbø, Håvard Jacobsen Askvik og Lars Erik Vevatne deltok alle i dobbeltfirar, dobbeltsculler og singelsculler både laurdag og søndag. Lars Moberg Haukeland tok femteplass på laurdag og søndag i singelsculler for junior C.

Herrar junior B-gutane Aleksander Haaland Hillestad og Oding Hjelm Sørstrønen kom til A-finalen laurdag og enda der som nummer seks. Søndagen vart det B-finale, der dei vart nummer tre.

Aleksander vann begge sine singelheat laurdag og søndag. Oding fekk fjerdeplass som beste plassering.

Erling Øyasæter og Mattias Haugland tok tredjeplass i dobbeltsculler for herrar senior laurdag og søndag, medan dei i lag med Oddbjørn Gjerde og Fridtjof Øyasæter tok andreplass i dobbeltfirar begge dagane.